Nattestengd veg
Grunna sikringsarbeid blir fv. 500 mellom Kroka og Sundal stengd om natta.
I samband med tunneldrivinga mellom Kroka og Sundal er det naudsynt å sikre ein høg fjellskjæring langs vegen. Området som skal sikrast ligg vest for avkøyringa til Kroka der vegen er svært smal. Arbeidet blir gjort for å sikre trafikantar og dei som arbeidar langs vegen. Sikring av terrenget blir gjort med sprøytebetong og sikring.
Stengetider:
Frå måndag 30. mai til fredag 3. juni frå kl. 21.00-05.00. Det blir ope for gjennomkøyring frå kl. 23.30-00.30.
Alle bussar i rute går som normalt. Arbeidet vil bli varsla med skilt i Odda, Austrepollen, Årsnes og Gjermundshamn.
