No startar arbeidet med å gjere ferdig Hjellestadvegen
Vestland fylkeskommune valte å heve kontrakta med entreprenøren på prosjektet. No startar arbeiet med å få vegen ferdig.
— Vi beklagar ulempene oppgravingane førar med seg, men det er nødvendig for at vi skal få eit anlegg som vil fungere, seier Kjell Hagesæter, prosjektleiar i Vestland fylkeskommune.
Arbeidet i Hjellestadvegen skal starte opp snart. Først blir to vegkryssingar gravd opp. Den første av desse to er på nordsida av den nye brua, like ved den gamle vegen i svingen. Medan arbeidet pågår blir gamlevegen nytta som omkøyringsveg.
Den andre vegkryssinga er like ved avkøyringa til Langeneset, på nordsida av Ådlandstraumen bru. Når arbeidet pågår her blir det laga ein midlertidig vegutviding sånn at trafikken kan passere.
I tillegg blir det anna arbeid med saging av asfalt. Det skjer ved busslommen på austsida ved Ådlandstraumen bru.
Dette arbeidet er planlagt å ta ca. fire veker. Resten av oppgravingsarbeidet vil starte opp seinare.