Hjellestadvegen

Hjellestadvegen er ein del av Miljøløftet - eit samarbeid mellom staten, fylket og fleire kommunar.

Veg:  fv. 0573
Fase: Bygging
Kommune:  Bergen
Mål: Miljøløftet byggar ny gang- og sykkelveg og ruster opp Hjellestadvegen på strekninga frå Blomsterdalen til Ådland bru.

 

Prosjektet vil bidra til å gjere det meir attraktivt å gå og sykle på Hjellestad, samstundes som opprustninga av vegen vil gi betre framkomme for kollektiv og anna transport.

Vegbredda blir på 7,5 meter. Gang- og sykkelvegen er på 5,5 meter. 
Total lengde på ny veg er 1850 meter. 
I tillegg til ny veg blir det gjort eit omfattande vann og avløps-arbeid.

Prosjektet starta i 2017 og skulle vore ferdig i 2019, men har diverre blitt forseinka.