Ferie i Seimsdalstunnelen

Anlegget i Seimsdalstunnelen tek ferie og det blir fri ferdsel mellom Årdalstangen og Seimsdalen i fellesferien. Sprengingsarbeidet med sjølve utvidinga av tunnelen er nesten i mål.

30. juni 2021

Siste nattestenging før ferien blir natt til 12. juli, og det blir fri ferdsel frå kl. 06.00 mandag 12. juli. Det blir noko aktivitet på dagtid med arbeid langs vegen fram til onsdag 14. juli, men dette skal i utgangspunktet ikkje kreve stenging av vegen. Arbeidet tek til att 2. august.

Strossinga av Seimsdalstunnelen, som er sprengingsarbeidet med utviding av den gamle tunnelen, vart 90 % ferdig før sommarferien 2021.
Strossinga av Seimsdalstunnelen, som er sprengingsarbeidet med utviding av den gamle tunnelen, vart 90 % ferdig før sommarferien 2021.

Omfattande utvidingsarbeid

Etter tre månadar med meir intensivt sprengingsarbeid er fylkesvegprosjektet nesten ferdig med å drive gjennom heile tunnelen.  

Den 1500-meter lange Seimsdalstunnelen er frå 1965, og skal utvidast til dagens standard og få gang- og sykkelveg. Det står att å strosse om lag 10% av tunnelen, strossing er arbeidet med å utvide tunnelen.

– Det er eit svært omfattande arbeid som skal gjerast med denne gamle tunnelen, mykje masse må sprengast bort. Med hjelp av nattestenging og meir effektivt arbeid er vi 90% ferdige med strossearbeidet i tunnelen, seier Jørn Fosen Simonsen, prosjektleiar i Vestland fylkeskommune.

Fri ferdsel til 2. august

No blir det ferietid også for anlegget, men 2. august er det full drift att med utvida nattestengingar. Det blir like eins gjennomkøyringstider og båtruter som i dag i om lag fire veker.

– Vi må forlenge tidsperioden med utvida nattestengingar noko, men reknar med å vere ferdige med dette innan 30. august, seier Simonsen.

– Stengingane har vore heilt avgjerande for at vi er komne så langt som vi er i dag, og vi treng nokre veker til for å komme i mål med strossinga.

Det står att sprengingsarbeid også etter dette, med skjeringar ute i dagen og grøfter og anna inne i tunnelen.
Dette er arbeid som kan gjerast med mindre omfattande stenging av tunnelen. Etter det står det att arbeid med installasjonar i grunnen, vegoppbygging, portalar,
vass- og frostsikring og elektroarbeid. Utbetra Seimsdalstunnel er forventa å stå ferdig på nyåret 2023.

Fri ferdsel i Seimsdalstunnelen i fellesferien:

  • Fri ferdsel f.o.m. mandag 12. juli kl. 06:00.
  • Oppstart arbeid og vegstengingar med utvida nattestenging: mandag 2. august kl. 07.00.