Anbodsopning for Seimsdalstunnelen
Vestland fylkeskommune hadde seks tilbod på bordet ved anbodsopninga 26. august for utbetring av Seimsdalstunnelen i Årdal kommune. Firmaet Bertelsen & Garpestad AS hadde det lågaste tilbodet.
– Interessa for fylkesvegprosjektet var stor, vi er nøgde med konkurransen og tilboda og gler oss til komme i gang med arbeidet, seier prosjektleiar i fylkeskommunen Jørn Fosen Simonsen.
No skal dei innkomne tilboda kontrollreknast og kvalitetssikrast. Fylkeskommunen ser føre seg å ha ei innstilling klar i løpet av september, med mogleg kontraktskriving med entreprenør i oktober. Arbeidet med tunnelen vil då kunne starte i månadsskiftet oktober-november.
Den eksisterande tunnelen vart opna i 1969. No skal Seimsdalstunnelen utbetrast slik at den tilfredsstiller tunnelsikkerheitsforksrifta, og det skal samstundes leggast til rette for gåande og syklande mellom Seimsdalen og Årdalstangen. Prosjektet har ei kostnadsramme på 325 millionar kroner.
Oversikt over innkomne tilbod:
Med atterhald om at kontrollrekning, kvalifikasjonsvurdering og tilbodsevaluering kan medføre endringar:
Namn på tilbydar |
Tilbodssum ekskl. mva |
Bertelsen og Garpestad AS |
205 075 663,40 |
Flage Maskin AS |
217 941 342,90 |
Kruse Smith Entreprenør AS |
234 664 859,32 |
Aurstad Tunnel AS |
239 950 898,59 |
Mesta AS |
242 521 699,00 |
Risa AS |
259 364 643,62 |