Interessert i overskotsmassar?

I samband med at Statens vegvesen (SVV) på vegne av Sogn og Fjordane fylkeskommune skal utbetre fylkesveg 303 Seimsdalstunnelen i Årdal kommune, søkjer vi etter interessentar som ønskjer å kjøpe/overta steinmassar frå prosjektet.

Samla overskot av steinmassar i prosjektet er noko over 120 000 pam3 (volum målt i fylling).

SVV førebur no ein søknad om å deponere overskotsmassar i fjorddeponi, og noko av massane skal brukast til skredsikring i Seimsdalen og andre stader. Om vi får innvilga søknaden om fjorddeponi vil det vere ingen eller svært små mengder overskotsmassar, om den ikkje blir innvilga vil vi ha store overskotsmassar. Søknaden om bruk av fjorddeponi vil truleg bli avgjort i september.

SVV ynskjer å inngå avtalar med interessentar som melder seg. Eitt kvalifikasjons-krav er at interessent ynskjer å kjøpe/overta minimum 10 000 m3 tunnelstein.

Uttak av stein frå anlegget vil starte våren 2020 og pågå i om lag eitt års tid.

Fristen for å melde interesse er 15. august 2019.

Publisert 15. mai 2019