Fv. 5633 Seimsdalstunellen
Veg: | fv. 5633 (tidlegare fv. 303) |
Fase: | Byggefase frå november 2020 til ferdigstilling sommaren 2023. |
Kommune: | Årdal |
Mål: | Utbetre Seimsdalstunellen til å tilfredsstille Tunellsikkerhetsforskriften og samstundes legge til rette for gåande og syklande mellom Seimsdalen og Årdalstangen. |
Kostnad: | kostnadsramme: 325 mill. kr. |
Vestland fylkeskommune oppgraderte den 1500-meters lange Seimsdalstunellen mellom Seimsdalen og Årdalstangen i Årdal kommune til dagens standard. Den gamle tunellen var frå 1965. Det der blitt gang- og sykkelsti gjennom tunellen.
Fylkesvegprosjektet tok til hausten 2020 og vart opna 30. juni 2023.
Facebook: Fylkesveg i Årdal kom
Vegstengingar
Tunellen er einaste veg mellom Seimsdalen og Årdalstangen, og dei naudsynte stengingane har vore ein særleg utfordrande del av dette fylkesvegprosjektet.
Fylkeskommunen takkar trafikantane for tolmodet i byggeperioden!
Når vegen må stengast
I periodar måtte tunellen stengast heilt for trafikk for å få gjort naudsynt arbeid, som ved sprengingsarbeidet i 2021 og 2022. Fylkeskommunen tilrettela då trafikkavviklinga på best mogleg måte i samarbeid med kommunen og arbeidsgjevarar, og ivaretok tryggleiken i krise- og beredskapsituasjonar i lag med naudetatane. Det vart satt opp båt for persontransport i desse periodane.
Byggefasar
Førebuande arbeid
I november 2020 til og med første veka i januar 2021 vart det gjort førebuande arbeid, som skogrydding og montering av rasfanggjerde langs vegen, og riving og montering av ein del tekniske installasjonar i tunnelen. Arbeidet krevde kortare vegstengingar på inntil ein time.
Drivefase og vegstengingar
Sjølve tunneldrivinga starta i januar 2021. Dette er sprengingsarbeid som vil halde på gjennom året. Massar må fraktast ut, og lengre og hyppigare stengingar må til i denne fasen. For å kunne gjere arbeidet måtte tunnelen stengast heilt kl. 18-06 i ein lengre periode, då vart det satt opp båttransport mellom Årdalstangen og Seimsdalen frå 6. april til 22. august 2021. HMS og tryggleik for arbeidarar og trafikantar kjem alltid først, og sikring og opprydding av vegbana etter arbeid tek tid. Det tyngste sprengingsarbeidet vart ferdig i august, og ein gjekk over til nattestengt tunnel med gjennomkøyringar på dagtid hausten -21.
Tunnelen blei nattestengt i lengre periodar i 2021 og -22. Det er heilt stengt for gåande og syklande i heile anleggsperioden.
Naudsituasjonar og beredskap
Fylkeskommunen legg til rette for at naudetatane kan ivareta tryggleik og beredskap for innbyggarane under bygginga av tunnelen. Det vil ligge ein båt tilgjengeleg for brann, helse og politi på Årdalstangen gjennom heile driveperioden, samt ein brannbil på Seimsdalssida. I dei to vekene i januar med nattestengt tunnel, blir det også ståande ein ambulanse med utstyr på Årebru i Seimsdalen.

Entreprenør
Fylkesvegprosjektet vart tildelt entreprenør Bertelsen og Garpestad AS i oktober 2020 etter anbodsrunde. Dei held til i Egersund, og rigga seg til på Årdalstangen i slutten av november 2020. Anleggskontoret er i Seimsdalen, medan fylkeskommunen har prosjektkontor i Øvre Årdal.
Arbeid 2023
Inne i tunellen vart det jobba med gang- og sykkelstien gjennom tunellen. Det vart gjort kabeltrekking og elektroniske installasjonar, og naudutrusting kom på plass. Utanfor tunellen skulle mykje murarbeid på plass.
Inn mot og rundt påske var det ein runde til med asfaltering og støyping av rekkverk, samt siste rest av vass- og frostsikring i tunellen. Noko av dette arbeidet medførte dagar med kolonnekøyring og nattestengt tunell.
Arbeid i 2022
Fjellsålen i den gamle delen av tunellen vart senka for å gjere ny tunell høgare. I januar vart det trukke nye høgspentkablar gjennom tunnelen, og "sjøsida" i tunellen vart asfaltert. Så tok ein til med riving og asfaltering av andre sida av køyrebana.
Arbeidet med vass- og frostsikring tok til i mai 2022. Det blei montert festeboltar og skumplater i tak og veggar, som blei brannsikra med armert sprøytebetong i heile tunnelen hausten 2022. Arbeidet blei gjort på kvelds- og nattestid då det ikkje lot seg gjere med trafikk i tunellen.
Portalane, inngangane til tunellen, vart støypte i to omgangar. Første portalen i november 2022, den andre i januar 2023. Da måtte tunellen stengast i 36 timar, og det vart satt opp båttransport som tidlegare. Både sjølve støypinga og herdetida for betongen krevde ei lenger stenging her.
Behovet for vass- og frostsikring viste seg å vere noko større enn vi trudde, og dette arbeidet tok lenger tid.
Nytt frå prosjektet
Ein festdag for heile bygda og mjuke trafikantar - opning
Ferie i Seimsdalstunnelen 30. juni 2021
Anbosopning for Seimsdalstunnelen
Planarbeid for næringsområde ved Finnsåstunnelen - 4. november 2019
Søknad om sjødeponi i Årdal - 8. juli 2019