Gang- og sykkelveg i Hyllestad ute på anbod

Over sommarferien startar bygginga ny gang- og sykkelveg mellom Heggebø og Leirvik i Hyllestad.

Asfaltert veg, med gangveg på delar av strekninga.
STYKKEVIS og DELT: I dag er det fortau berre på delar av strekninga. Når prosjektet står ferdig skal det bli samanhengande gangveg frå Heggebø til Leirvik.

Det skal byggast 560 meter gangveg og fortau langs fylkesveg 607. På delar av strekninga, omlag 300 meter i sentrum av Leirvik, må fortauet leggast inn på noverande køyreveg, som dermed må utvidast tilsvarande. Fortauet vert skilt frå køyrevegen med kantstein, mellom gangveg og køyreveg blir det ein betongkant.

Det skal også monterast stein- og jordspranggjerde langs dei høge fjellskjeringane, desse skal sikre vegen frå nedfall.

Det vert anbodssynfaring den 19. mai, og tilbodsfristen er sett til 10. juni. Prosjektet skal vere ferdig innan august 2021.

Publisert 13. mai 2020.