Offisiell opning av Flotunnelen

Fredag 24. juni skal Flotunnelen feirast med snorklypp i Veslebygda og felles lunsj på Flo.

Tunnelen vart opna for trafikk 8. april, tre månader før den eigentleg skulle vere ferdig. Noko arbeid stod att i tunnelen, og den har difor vore stengd i nokre timar på dagtid i løpet av våren.

Ingen alvorlege hendingar

No er det berre litt tilstelling av areala rundt tunnelen som manglar, så er prosjektet heilt ferdig.

– Vi var veldig glade for at vi var så godt i rute at vi kunne opne tunnelen før påske, for det var mykje snø i fjellet og like etterpå lyste skredvarselet raudt over heile Vestland. Det var rørande å sjå dei glade og letta innbyggjarane på Flo dagen då tunnelen vart opna, og dei har også vist mykje engasjement og eigarskap til den offisielle feiringa, seier prosjektleiar Jon Harald Huseklepp.

For fylkeskommunen er det også viktig å markere avslutninga av eit vellukka prosjekt, både for oss som byggherre og entreprenørane som har utført arbeidet, seier Huseklepp.

– Entreprenørane våre har lagt ned mange tusentals arbeidstimar dei siste åra, utan alvorlege hendingar. Det fortener ei skikkeleg markering.

Kortesje gjennom tunnelen

Arrangementet startar i Veslebygda, med underhaldning, taler og snorklipping framfor tunnelen. Deretter er det bilkortesje gjennom tunnelen til Flo, der det blir servering i eit telt som er innleigd for anledninga. Teltet står rett ved krysset der vegen går vidare opp til Øvre Flo.

Fylkesordførar Jon Askeland skal kutte snora. Alle som vil vere med er hjarteleg velkomne, det gjeld også feiringa på Flo, med betasuppe og kaker.

Fakta Flotunnelen:

• Oppstart mai 2019
• Tunneldriving starta 7. august 2019, gjennomslag 3. oktober 2020
• Total prognose: 630 mill., 2022 kr.
• Totalentreprenør: Hæhre Entreprenør AS
• Underentreprenørar: Multiconsult (prosjektering), Traftec (elektro), Vinsrygg Maskin AS, Volda Maskin AS (sprenging i forskjering, transport til deponi)
• Lengde tunnel: 3765 meter, T 5,5, frihøgde 4,6 m
• Sprutbetong: 9 150 m³
• Vann og frostsikring: 46 145 m²
• Sikringsboltar i tunnel: 21 538 stk.
• Veg i dagen: 755 meter
• Totaltimar entreprenør ca. 186 000 timar
   Byggherre: ca. 21 000 timar