Nærmar seg opning av Ljoteli-tunnelen

Ein del utfordringar i sluttfasen av fylkesvegprosjektet gjer at opning av tunnelen på fv. 53 i Ljoteli blir noko utsett. No vonar fylkeskommunen på trafikk gjennom tunnelen i løpet av februar.

7. januar 2022

–  Ein vegtunnel er ikkje berre «eit hol i fjellet», det er mykje som skal på plass før ein kan sette trafikk på. Mellom anna er det eit omfattande styringsteknisk system som skal vere klart for å ivareta tryggleiken til trafikkantane, seier Jørn Fosen Simonsen, prosjektleiar i Vestland fylkeskommune.

Alle system må virke feilfritt før Ljoteli-tunnelen kan opnast. Her gjer fylkeskommunen traffikksikkerheitskontroll, ved byggeleiar Geir Magne Tyssebotn, Vestland fylkeskommune, Runar Stadheim, Statens vegvesen, Jens Bremer Remø, Vestland fylkeskommune og Jørn Fosen Simonsen, prosjektleiar Vestland fylkeskommune. foto: Ingvild Ramstad/Vestland fylkeskommune

Leitar etter feilmeldingar

Og det er det styringstekniske anlegget som har bydd på utfordringar no i haust og vinter, det har tatt tid å få det til å fungere slik det skal. Det er strenge krav til kommunikasjonssystem og sikkerheitsutrustning i nye vegtunnelar, og alt teknisk utstyr går gjennom omfattande testing.
–  Tunnelprosjektet i Ljoteli starta våren 2019, og trass i pandemien så har prosjektet klart å halde framdrifta nokon lunde, seier Fosen Simonsen.  
–  Vi hadde lenge eit håp om å få opna tunnelen for trafikk til jul i 2021, men no treng vi noko meir tid. Alt må virke feilfritt for at tunnelen skal få bruksløyve frå Vegdirektoratet.

Byggeleiar Geir Magne Tyssebotn og prosjektleiar Jørn Fosen Simonsen i Vestland fylkeskommune ventar no på bruksløyve for Ljotelitunnelen frå Vegdirektoratet etter omfattande testing av anlegget. foto: Ingvild Ramstad/Vestland fylkeskommune

Fv. 53 Ljoteli er eit skredsikringsprosjekt med bygging av ein om lag 1100 meter lang tunnel og 700 meter ny veg i ei svært bratt og rasutsett fjellside i Årdal kommune. Fylkeskommunen håpar no på å få opne tunnelen for trafikk i løpet av februar 2022.

Bruksløyve frå Vegdirektoratet

Det er Vegdirektoratet som godkjenner tunnelen, og ein søknad frå Ljoteli-prosjektet om bruksløyve blir sendt første veka i januar når dei siste testane er fullførte. User acceptance-test av tunnelen har blitt gjort siste tida og gjennom jula, ein stabilitetstest der det styringstekniske anlegget blir prøvd over tid for å unngå at det blir generert falske alarmar eller feilmeldingar. Denne vart fullført første veka i januar. Tunnelanlegget elles står meir eller mindre ferdig. Med den nye tunnelen vil skredsikringsprosjektet sikre trafikantane framover på ei strekning som er utsett for skred og nedfall av stein og is.

– No vonar vi direktoratet ikkje treng lang handsamingstid, og gler oss til å opne ein flott og topp moderne tunnel, seier Simonsen.

Ljoteli-tunnelen på fv. 53 kan snart opnast for trafikk, og vil sikre trafikantane i eit rasutsett område. foto: Ingvild Ramstad/Vestland fylkeskommune
Ljoteli-tunnelen på fv. 53 kan snart opnast for trafikk, og vil sikre trafikantane i eit rasutsett område. foto: Ingvild Ramstad/Vestland fylkeskommune