Fv. 53 Ljoteli, skredsikring

Veg:  fv. 53
Fase:  Oppstart byggefase våren 2019, planlagd ferdigstilling hausten 2021, utsett til januar/februar 2022. 
Kommune:  Årdal 
Mål:  Skredsikringsprosjekt: bygging av ein om lag 1100 m. lang tunnel med stigning på 7,5%. Omlag 700 meter ny veg blir og bygd i samband med prosjektet.
Kostnad:  Prosjektet er finansiert av fylkeskommunen, med ei ramme på omlag 300 mill. kroner i perioden 2019-21. 


Stor rasfare

Strekninga Ljoteli på fv. 53 i Årdal kommune inst i Sognefjorden er utsett for både steinsprang, snøskred og is som dett ned i vegen. Skredsikring av strekninga skjer med bygging av ein lag 1100 meter lang tunnel som skal trygge trafikantane og redusere risikoen for skadar på vegen, og sikre at fv. 53 blir ein føreseieleg og open veg med færre stengingar. Det blir bygd om lag 700 meter ny veg i tillegg til tunnellen.

Bratt terreng

Dette er eit spesielt fylkesvegprosjekt sidan det blir bygd i svært bratt terreng med opptil 40 prosent helning. Det er store fyllingar, høge og bratte skjeringar på opp mot 26 meter og smal veg å komme seg fram på. Det er til dømes brukt mykje klatregraverar i fylkesvegprosjektet, gravemaskiner som heng i vaier. 

Tunnelvegg med tunnelrigg
TUNNELSTUFF: Frå drivinga av Ljotelitunnelen på fv. 53.

Utsett opning

Planlagd opning av skredsikringsprosjektet var i desember 2021 etter byggestart i 2019.  Utover hausten og vinteren 2021-2022 har det oppstått utfordringar med det styringstekniske systemet i tunnelen, som forseinkar arbeidet i denne fasen. Det er strenge krav til kommunikasjonssystem og sikkerheitsutrustning i nye vegtunnelar for å ivareta tryggleiken til trafikantane. 
Ein user acceptance-test av tunnelen vart fullført første veka i januar 2022, ein stabilitetstest der det styringstekniske anlegget blir prøvd over tid for å sjå om det blir generert falske alarmar eller feilmeldingar. 
Etter at alle testar er fullførte er det Vegdirektoratet som til slutt godkjenner og gir bruksløyve til tunnelen. Fylkeskommunen vonar Ljoteli-tunnelen kan opnast for trafikk i månadsskiftet januar-februar 2022. 

Ny, kostnadseffektiv veg

Som eit delprosjekt er det også bygd 600 meter ny veg ved Holsbru eit lite stykke over tunnelen. Vegstrekninga er bygd på deponimassar frå prosjektet, og erstattar også den gamle, tungdrevne Holsbru-tunnelen på 96 meter som hadde store problem med ising og vatntilsig. Den nye vegstubben vart opna for trafikk 6. juli 2020. 

Arbeidet med skredsikring i Ljoteli tok til 30. september 2019.(Foto: Statens vegvesen)
Arbeidet med skredsikring i Ljoteli tok til 30. september 2019.(Foto: Statens vegvesen)