Vegprosjektet mellom Notland-Mosterhamn blir forseinka

I kontaktutvalet 23. november vart det orientert om revidert Bømlopakke.

 -Siste anslag i prosjekta syner ei vesentleg auke i kostnadar og forseinking på vegprosjekt, seier John Nordseth Nesse som prosjektleiar for Bømlopakken i Vestland fylkeskommune. 

Dei tre prioriterte prosjekta Notland – Mosterhamn, Hestaneset – Sakseid og Sakseid – Ekornsæter utgjer totalt ein samla kostnad på 856 mill kr (2022). Finansiell ramme for revidert Bømlopakke er på 745 mill kr. justert for 2022.

-Det blir jobba med å finne løysingar for å fullføre hovudstrekka i dei tre prioriterte vegprosjekta i Stortingsproposisjon 2S innafor avsett ramme, seier han.

Blir forseinka

Vegprosjektet Notland – Mosterhamn blir forseinka. Heile traseen vil ikkje stå ferdig til Moster 2024. I kontaktutvalet 1.september 2022 vart det sagt at ein jobbar for å få prosjektet utlyst før jul 2022, men framdriftsplanen tilseier at dette no først blir utlyst våren 2023.

-Vi har likevel ambisjon om å byrje på og fullføre vestre del av strekket til Moster 2024 står klart. I dei siste geotekniske undersøkingane er det funne store mengder av marin leire/kvikkleire på deler av strekket. Det var uventa å finne så store mengder som dette. Det er strenge krav til å handtera dette trygt og korrekt. Det blir jobba med å finne gode løysingar på handtering av massane. Dette forseinkar utlysing av prosjektet, seier Nesse.

Han seier vidare at grunnerverv er i gang på prosjektet. Med over 40 grunneigarar langs vegen er det eit stort arbeid å få i stand avtalar med alle grunneigarane. Dette er ein viktig og avgjerande prosess for å kunne kome i gang med prosjektet.

Vil framskunda

-Det blir jobba mot å framskunda prosjektet Hestaneset-Sakseid-Ekornsæter då Notland – Mosterhamn vert forseinka, og ambisjonen er å få dette utlyst parallelt med Notland – Mosterhamn våren 2023, seier Nesse.

Prosjektgruppa har konkludert med at Ramnabrotet ikkje skal ut på ein eigen entreprise. Dette er grunngjeve med at delprosjektet vil ha ei lang anleggstid, og at det som ei eigen entreprise vil gje få synergiar til resten av det totale prosjektet.

SYNFARING: Synfaring på Ramnabrotet langs fv. 541 Hestaneset-Sakseid. fv. Jan Helge Eggum, Trine Gjerde Hansen og Aurora Bjerkelund frå Vestland fylkeskommune.
SYNFARING: Synfaring på Ramnabrotet langs fv. 541 Hestaneset-Sakseid. fv. Jan Helge Eggum, Trine Gjerde Hansen og Aurora Bjerkelund frå Vestland fylkeskommune.