God driv på bygging av ny veg

Det er full aktivitet på vegarbeidet på Sakseid-Hestaneset for tida, og prosjektet blir ferdig eit år før tida.

Byggeleiar Jonas Dalland seier det er godt framdrift på prosjektet. 

Ny bjelkebru

Bygging av ein 45 meter lang bjelkebru over Lyklingelva er godt i gang.

-Førre veke blei bjelkar kranet på plass og det heile har begynt å ta form som ein fin bjelkebru. No er det meste gjort av støyping, montering av dekke, utlegg av gytegrus og mykje anna. No står det att å støype brudekke, montere rekkverk og til slutt asfaltere, seier Jonas.

Bygget elv til fiskevandring

Han seier vidare at det er strenge restriksjonar for arbeid i periodar der det rogn eller plommeyngel i grusen. 

- Av den grunn har vi vore vore i kontakt med Fylkesmannen og villfisklauget for å reetablere fiskevandring til ein tidlegare brukt gyteplass som erstatning for ein anna gyteplass. Etter beskriving frå rådgjevande biolog så har vi fått meisla trinn inn i fjellet for at fisken skal få gode gyteforhold, seier Dalland.

Her er det meisla inn trinn så fisken kan gyte under gode forhold.
Her er det meisla inn trinn så fisken kan gyte under gode forhold.

No skal det meste av strekninga som ikkje er asfaltert få asfalt. Dei siste laga kommer på plass i slutten av november, seier Dalland.

Prosjektet blir antatt ferdig til årskiftet, som er eit år før tida. 

Her kan du sjå byggearbeidet på bjelkebrua over Lyklingelva.