Fv. 541 Hestaneset - Sakseid - Ekornsæter

Strekninga Hestaneset - Sakseid – Ekornsæter er prioritert som eit av tiltaka på det tidlegare riksvegnettet i Bømlopakken. Fv. 541 er hovudvegen nord-sør på Bømlo, og blir med dette den planlagte nord-sør aksen på Bømlo.

Veg:  fv. 541
Fase:  Byggefase
Kommune:  Bømlo
Mål:  Vegutbetring og trafikksikring.
Kostnad:  463 mill.kr. (2021-kr)

Frå Våge fram til Sakseid gartneri går den nye vegen på eksisterande veg. Frå gartneriet på Sakseid og fram til Ekornsæter går vegen hovudsakleg i jomfrueleg terreng. Totalt er vegstrekket 7 km langt, det er ei gang- og sykkelveg bru ved sida av brua over Kulleseidkanalen. Det kjem ei bru på omlag 50 meter over utløpet frå Oldereidtjørna. Det blir gang- og sykkelveg på heile strekket frå Sakseid til Ekornsæter og gjennom sentrum til Våge skule.