Bømlopakken

Bømlopakken omfattar oppgradering og nybygging av store delar av vegnettet i Bømlo kommune. Dette vil gje moderne og trafikksikre vegar som er tilpassa den forventa befolkningsveksten på Bømlo.

Veg: 

Bømlopakke 1 inneheld 18 større og mindre vegprosjekt. I revidert Bømlopakke gjenstår fullføring av tre vegprosjekt, i tillegg er det sett opp ei liste på tre reserveprosjekt om det er midlar att i pakken.

Fase:  Byggefase
Kommune:  Bømlo
Mål:  Store delar av vegnettet på Bømlo har låg standard og er ikkje tilpassa dagens trafikk. Bømlopakken vil gje betre framkommelighet og tryggleik for ulike trafikantgrupper.
Kostnad: 

Søknad om delvis bompengefinansiering av Bømlopakken vart godkjent i Stortinget 16.juni 2009.

900 mill. kr. (2020-prisnivå)

Revidert finansieringsopplegg for fylkesvegprosjektet og -tiltak i Bømlo kommune (revidert Bømlopakke) vart godkjent i Stortinget 20.desember 2021.

665 mill kr (2021-kroner)

Sjå kartet i fullversjon

Bømlopakken har bidrege til ein vesentleg betre vegstandard som har betra framkome og trafikktryggleik på Bømlo. Stortinget gjekk 20 desember 2021 inn for revidert Bømlopakke. Vedtaket er i tråd med dei lokalpolitiske vedtaka for å byggje ut tre prosjekt frå den opphavelege Bømlopakken i tillegg til ei ramme til mindre utbetringar på fylkesvegnettet.

Dei tre prioriterte prosjekta er: 

Fv. 541 Sakseid – Hestaneset. 
Fv. 542 Notland – Mosterhavn.
Fv. 541 Ekornsæter – Sakseid. 

Om det står att midlar i pakka, er det sett opp ei reserveliste beståande av følgjande prosjekt:

Fv. 5000 Totlandsvegen – Grindheimsvegen.
Fv. 5002 Laurhammerkjosen – Olakjosen.
Fv. 4996 Grønnevik – Sakseid.

Den samla utbyggingskostnaden i revidert Bømlopakke blir på 665 mill.kr. der 494 mill.kr blir dekt av bompengar og 171 mill.kr av fylkeskommunen.

Prosjekta fv. 541 Sakseid-Hestaneset og fv. 541 Ekornsæter -Sakseid vil bli slått saman til eit stort prosjekt, kalla fv. 541 Hestaneset – Sakseid – Ekornsæter.

Det står att å fullføre følgjande strekningar:

Fv. 541 Hestaneset - Sakseid - Ekornsæter

Fv. 542 Notland - Mosterhamn

Fv. 5000 Totlandsvegen - Gindheimsvegen

Fv. 5002 Laurhammerkjosen - Olakjosen

Fv. 4996 Grønnevik - Sakseid

Stortinget har vedtatt revidert Bømlopakke.

Arbeidet med Bømlopakken starta nyåret 2000.Bømlo kommune sette ned ei vegnemnd som fekk i oppdrag å sjå på kva tiltak som måtte gjerast for å oppgradera vegnettet på Bømlo. Til dette arbeidet vart Norconsult engasjert som konsulent og dei utarbeidde det første dokumentet: Vegplan for Bømlo (Bømlopakken), som var klar i 2002.

Kommunestyret handsama planen den 18.11.02 og gav i dette vedtaket politisk klarsignal til at arbeidet med ei konkretisering av pakken med forslag til finansiering og søknad om bompengar skulle inngå.

Planen med tilhøyrande bompengesøknad vart handsama i kommunestyret den 03.04.06.

Saka vart lagt fram for Fylkestinget i Hordaland 13.06.07. Fylkestinget stilte seg positive til finansieringsløysinga og tilrådde bompengesøknaden.

Grunna kostnadsauke og endring i prioritering mellom prosjekta i høve tidlegare handsaming av søknaden, blei eit revidert opplegg lagt fram og godkjent i kommunestyret 15.12.08.

Fylkestinget godkjente 17.03.09 revidert bompengesøknad og tilrådde at bompengeandelen vart utvida frå maks 313 mill. kr (2005-kr) til 642 mill. kr (2008-kr).

Innstilling frå Samferdselsdepartementet om delvis bompengefinansiering av prosjekt og tiltak i Bømlo kommune vart lagt fram og godkjent i statsråd den 29.mai 2009, jf. Innst.S.nr.343 (2008–2009).

Søknad om delvis bompengefinansiering av Bømlopakken vart godkjent i Stortinget 16.06.09, jf. St.prp.nr 78 (2008–2009) Om delvis bompengefinansiering av prosjekt og tiltak i Bømlo kommune.

Bompengjeinnkrevjing

Med revidert Bømlopakke blir det fortsatt innkrevjing i bomstasjon på Spissøy og i ferjesambandet Buavåg–Langevåg (mellom Bømlo kommune og Sveio kommune) vidareført. Alle som passerer inn og ut av Bømlo kommune, må betala bompengar. Innkrevjinga skal skje i 15 år frå 2022.

Bompengar blir krevd inn med AutoPASS i tovegs heilautomatisk bomstasjon.

Bompengetakstar

Takstar og bompengeopplegg vert uendra frå Bømlopakke 1.

Det regionale bompengeselskapet Ferde AS er ansvarleg for innkrevjinga av bompengar. Sjå prisar hos Ferde. 

I St.prp. nr 78 (2008-2009) er det lagt opp til utbygging av 18 vegprosjekt på dåverande riks- og fylkesvegnett i Bømlo kommune. Utbygginga starta opp i 2008, og følgjande strekningar er fullførte:

Fv. 11 Langevåg-Eidesvik
Fv. 542 Hollundskjosen–Hollundsdalen
Fv. 541 Rundkjøring Rubbestadneset
Fv. 542 Hollundsdalen-Stokkabekken
Fv. 542 Stokkabekken–Rubbestadneset
Fv. 14 Svortland-Økland 
Fv. 542 Stokkabekken-Siggjarvåg
Fv. 542 Røyksund–Eikeland 
Fv. 18 Urangsvåg-Brandasund
Fv- 541 Hestaneset-Tjong
Fv. 541 Tjong-Løvegapet
Fv. 19 Rubbestadneset–Rolfsnes
Fv. 541 Sakseid-Hestaneset (del1)