Lyser ut resten av vegarbeid mellom mellom Skiftesvik og Marikoven

Arbeidet på den 1,4 kilometer lange trekninga mellom Skiftesvik og Marikoven starta i oktober 2019. Etter at Contexo gjekk konkurs i fjor, har arbeidet på strekninga berre komen halvvegs.



– No står det att å fullføre arbeidet med utviding av vegen rundt Kvitaneset. I tillegg skal vegen utbetrast med to køyrefelt og nytt fortau på heile strekninga. Det blir også start på arbeid med ny rundkøyring i Marikoven, seier Synnøve Jakobsen som er prosjektleiar for Askøypakken.

Forhandlingar

Prosjekta skal gjennom ein anbodskonferanse med forhandlingar.
– Det betyr at vi skal i dialog med entreprenørane for å høyre korleis dei har tenkt å løyse oppgåva, med forhandling på pris. Vi vil informere så snart vi veit kven som får tildelt arbeidet, seier Jakobsen.

Ho veit at interessa i bransjen for å fullføre prosjektet er stor, og trur det vil komme gode og kvalifiserte tilbod inn for å fullføre dette arbeidet.
Prosjektet vil ta om lag 1,5 år å bygge, og kostnadsrekna til 210 millionar kroner.