Lyser ut arbeid med ny fylkesveg mellom Lavik og Haugland
Eksisterande veg har mange skarpe svingar og trafikkfarlege kryss. Mellom Lavik og Berget kjem det heilt ny veg og fire nye bruer.
Ny veg og fire bruer
De fire nye bruene kjem over Pollelva, Hilleren, Berget og Kråvik. I prosjektet skal vi legge til rette for mjuke trafikantar med å bygge ein gang- og sykkelveg, og i tillegg auke framkomsten med utbetring av fylkesvegen.
Forhandlingar
Prosjektet skal gjennom ein anbodskonferanse med forhandlingar.
-Det betyr at vi skal i dialog med entreprenørane for å høyre korleis dei har tenkt å løyse oppgåva med forhandling på pris. Vi vil informere så snart vi veit kven som får tildelt arbeidet, seier Jakobsen.
Ho veit at interessa i bransjen for å fullføre prosjektet er stor, og trur det vil komme gode og kvalifiserte tilbod inn for å fullføre dette arbeidet.
Prosjektet vil ta om lag fire år å bygge, og kostnadsrekna til 590 millionar kroner.
Sjå korleis ny veg mellom Lavik-Haugland blir sjåande ut.