Salhusvegen stenger opp til 15 minutt

På Salhusvegen ved Salhusberget (Ranten) skal Vestland fylkeskommune sikre fjellet slik at ikkje stein og jord fell ned på vegen.

Arbeidet startar på måndag 30. januar og er ferdig i løpet av april. Undervegs i arbeidet kan vegen bli stengt i korte periodar opp til 15 minutt. Trafikken blir regulert med trafikklys i kvar ende av anleggsområde.

Kart med blå markert stripe på Salhusvegen.
Salhusvegen blir stengt ved Salhusberget frå måndag 30. januar. Blå strek viser vegstrekninga som er stengt.

 

 

 

 

Oppdatert 26. januar 2023