Nattestengd bru i Førde
Vestland fylkeskommune skal vedlikehalde Viabrua i Førde frå 4. juni. Fugene på brua skal skiftast ut, og arbeidet vil skje på kveld/natt frå kl. 21.00 til kl. 06.00 i en periode på om lag fem veker. hh
Brua og gangbrua vil vere stengt i denne perioden, og det blir omkøyring via E 39 Hafstadvegen og fv. 601 Angedalsvegen. Omkøyringsvegen vil bli skilta.
Det kan bli noko støy frå arbeidet om natta over to netter i to periodar. For å beskytte fugearbeidet på brua, så vil det kome ein fartsdump i køyrebana og stålplater i gangvegen.
Vi har dialog med naudetatar.

