Startar på vedlikehald av Viabrua i Førde
Vestland fylkeskommune skal vedlikehalde fv. 600 Viabrua i Førde. Frå 4. juni blir fugene på brua skiftet, og arbeidet vil skje på kveld/natt frå kl. 21.00 til kl. 06.00 i ein periode på om lag fem veker.
Brua og gangbrua vil vere stengt i denne perioden, og det blir omkøyring via E 39 Hafstadvegen og fv. 601 Angedalsvegen. Omkøyringsvegen vil bli skilta.
Det kan bli noko støy frå arbeidet om natta. Spesielt under vannmeisling som er planlagt i fire netter og som er delt på to periodar frå start og halvegs i arbeidet.
For å beskytte fugearbeidet på brua, så vil det kome ein køyrerampe i vegbana og stålplater i gangvegen.
Vi har dialog med naudetatar.
