Vågane bru i Askvoll nattestengd og delvis dagstengd frå 6. mars

Vågane bru på fv 609 i Askvoll kommune blir nattestengd frå 6. mars og fire veker framover, til 3. april. I same periode blir vegen innsnevra på dagtid og kan bli delvis stengd i periodar. Sjå endring av dette under.

Slutt på nattestenging i periode

Merk at frå og med fredag 10. mars og ut veka etterpå, vil det ikkje bli nattestengt frå klokka 20.00 til klokka 06.00. Det vil kome ny informasjon når det er aktuelt å nattestenge igjen.

Merk også at stengetider på dagtid, nemnd under, vil bli meir nytta i komande veke. Eksakt kva dager dette blir, er ikkje heilt bestemt. Men stenging blir brukt berre ved behov. Stengetidene på dag kan og bli nytta laurdag 11. mars.

Den opphavlege meldinga om stenginga ser slik ut:

Årsaka til stenging er arbeid med bruvedlikehald. Arbeidet vil krevje stenging frå klokka 20.00 til 06.00. Søndag blir vegen stengd klokka 21.30, slik at bussen som passerer brua kl. 21.25, kan passere. Merk at vegen blir opna for trafikk kl. 22.30-22.45.

På dagtid blir brua innsnevra til 2,3 meter køyrebreidde. Køyretøy over denne breidda må då køyre rundt via E39/fv57/610. Vi vil informere om eventuelle endringar.

Kollektivtrafikken til Skyss vil framleis ha same alternativ med mindre køyretøy.  

Det er laga plan for beredskap, med tanke på utrykking og brøyting.

På dagtid, om det blir nødvendig, kan brua bli heilt stengd inntil to timer om gangen. Blir det aktuelt, vil vi varsle og vise til 175 sine sider for stengetider og informere ut.

Om det blir aktuelt med dagstenging, vil tidene for stenging og opning bli slik:

  • Open kl. 06:00-09:30 (2t 30 min)
  • Stengt kl. 09:30-11:30 (2t)
  • Open kl. 11:30-11:45 (15m)
  • Stengt kl. 11:45-13:20 (1t 40m)
  • Open kl. 13:20-13:45 (15m)
  • Stengt kl. 13:45-15:15 (1t 30m)
  • Open kl. 15:15-16:10 (55m)
  • Stengt kl. 16:10-17:00 (50m)
  • Open kl. 17:00-17:05 (5m)
  • Stengt kl. 17:05-19:05 (buss 19:30) (2-2,5t)
  • Open kl. 19:05-20:00 (55 min)

Nattestengd (sjå endring lenger oppe)

Kl. 20.00 - 06.00 (måndag til laurdag)
Kl. 21.30 - 06.00 (søndag)

Open alle dagar kl. 22.30-22.45

Beredskap

Det vil vere beredskap om fylkesvegen 609 skulle bli stengd ved Hundsåna. Då vil Vågane bru bli opna for trafikk med breidde 2,8 m så fort som mogleg.