Stenger vegen til Kandal i to døgn for bytte av bru
Fylkesveg 5733 til Kandal i Gloppen blir heilt stengd to døgn i oktober. I løpet av denne tida skal den gamle brua på Nes rivast, og dei nye brufundamenta løftast på plass.
Vegen vert stengd måndag 7. oktober klokka 13, og opnar ikkje før torsdag morgon. I denne perioden vil vegen vere uframkomeleg for køyretøy, men det er mogleg å passere området til fots. Alle som skal inn på anleggsområdet må ha følgje, kontaktinfo til entreprenør Ottar Dvergsdal er tilgjengeleg ved sprerringane.
Dei fem nye brufundamenta er støypte på plassen, og har stått klare gjennom sommaren i påvente av det rette tidspunktet å få dei på plass.
— Vi har hatt kontakt med innbyggjarar og næringsliv i Kandal, og fann ilag ut at haustferien var det beste tidspunktet å gjere byttet. Då er turistsesongen på hell, og ungane har fri frå skulen, seier Bjørn Andre Storøy, prosjektleiar i Vestland fylkeskommune.
— Beredskapen skal sikrast i stengeperioden, og vi har hatt kontakt med Gloppen kommune og blålysetatane, seier Storøy.
Arbeidet skal etter planen utførast i løpet av 60 timar. I løpet av denne tida skal fundamenta løftast på plass, og det skal støypast fuger mellom fundamenta.
— Det blir bygd opp ei vegbane, slik at vi kan opne vegen for passering. Men sjølv om vegen er opna vil det bli både kantstøyping, muring, asfaltering og tungsikring dei neste vekene. Dette er framleis eit anleggsområde, så vi oppmodar alle om å køyre varsamt, seier Storøy.
Nedklassifisert
Nes bru var i dårleg stand, og fekk redusert bruksklasse for nokre år sidan. Det betyr at det var ei grense for kva køyretøy som kunne bruke brua, ut i frå aksellast, totalvekt og lengde.
Utskifting av brua har vore planlagd lenge, og grunnarbeidet starta i vår. I tillegg til støyping av nye brufundament er elveløpet plastra for å tole ein 200-årsflaum.