Stenger vegen på Lambhaug

Varselet gjeld for perioden: 21.03.2023-23.03.2023

I to-tre dagar i veke 12 blir delar av fylkesveg 5640 stengt. Stenginga vil ikkje vare lenger enn tre dagar, mest sannsynleg kortare.

Det skal grunnborast i fire område. Dei fire områda kan du sjå i kartet under. Fordi vegen er smal blir den stengt heilt medan arbeidet pågår. Det er berre område der grunnboringa pågår som blir stengt, og kjem til å flytte seg i løpet av dagen.

Du kan kome rundt ved å køyre via fylkesveg 55, ei omkøyring på fem til ti minutt. 

Vegen blir stengt tysdag 21. mars og onsdag 22. mars frå kl. 09-21 begge dagane. Dersom arbeidet då ikkje er fullført blir det stengt i ein periode på torsdag også, men då berre fram til arbeidet er ferdig.

I kartet kan du klikke og zoome.