Innsnevring av Vågane bru i Askvoll

I neste veke (veke 2) startar arbeidet med utbetring av Vågane bru i Askvoll, fylkesveg 609. Under arbeidet blir brua innsnevra til eitt køyrefelt med lysregulering.

Arbeidet startar med tilrigging i neste veke. Totalt vil arbeidet på brua ta 26 arbeidsdagar.

Arbeidet som skal gjerast på brua, er utskifting av brurekkverk, montering av overgangsrekkverk og endeavslutningar, fuktisolering av brudekke og nytt slitelag.

Kart over Askvoll i Sunnfjord, Vestland fylke.

Dette er den andre brua i Askvoll som er planlagt utbetra i år. På Skorven bru er arbeidet alt i gang.

Andre bruer i Askvoll som står for tur er: Noreide, Størdal, Osland og Ringstad.