Midlertidig trafikklys på fv.561 Oøyvegen frå avkøyrsla Straumsneset til Osunde bru

Varselet gjeld: 25. september - desember 2023

Grunna bygging av gang- og sykkelveg kjem det midlertidig trafikklys ved avkøyrsla frå 25. september.

Vestland fylkeskommune skal bygge gang- og sykkelveg på ca.150 meter i frå avkøyrsla Straumsneset til Osunde bru.

Frå 25. september og fram til jul vil det difor vere midlertidig skyttelanlegg med trafikklys i arbeidstida kl. 07.00 - 19.00.

Utanom disse tidene vil det vere fri trafikkflyt.

Busstoppene vil vere operative som normalt under heile anleggsperioden.