Bruer i Askvoll nattestengt 1. til 7. juni
Askvollbruene på fylkesveg 609 og 608 kan bli stengde enkelte netter i perioden 1. til 7. juni. Arbeidet på bruene nærmar seg slutten, men det gjenstår fresing, fuktisolering og asfaltering.
Stenginga vil bli frå klokka 20.00 til 06.00 med opning for trafikk mellom klokka 22.30 og 23.00.
Slik blir stenginga gjennomført:
1. juni og eventuelt 2. juni er det planlagt fresing av dei seks bruene. Arbeidet er estimert til ei natt, men begge nettene kan gå med. Arbeidet skal starte ved Skorven bru (609) og bevege seg i retning Stongfjorden-Askvoll. Det vil vere passasje for bilar når mannskapet bytter bru, men i utgangspunktet er vegen stengt.
Estimert stenging Skorven-Stongfjorden klokka 2000-0000 (med opning 22.30 til 23.00)
Estimert stenging Stongfjorden-Askvoll klokka 0000-0600.
Fuktisolering
5. juni blir det vegstenging grunna fuktisolering.
Estimert stenging Skorven-Stongfjorden klokka 2000-0000 (med opning 22.30 til 23.00)
Estimert stenging Stongfjorden-Askvoll klokka 0000-0600.
Det blir mindre høve før passasje når mannskapet bytter bru. (I utgangspunktet stengt)
Asfaltering
6. og 7. juni blir bruene asfaltert.
Estimert stenging Skorven-Stongfjorden klokka 2000-0000 (med opning 22.30 til 23.00)
Estimert stenging Stongfjorden-Askvoll klokka 0000-0600.
Det blir mindre høve før passasje når mannskapet bytter bru.
Utrykkingskøyretøy
Vegen vil bli opna for utrykkingskøyretøy.
Avvik
Det kan bli noko avvik frå estimerte tider om det skulle dukke opp uføresette ting.
Merk at ved Ringstad vil det bli noko arbeid utanom desse tidene.
