Stenger Risnes bru

Fylkesveg 570 over Risnes bru blir heilt stengt frå onsdag 25. oktober. Vi arbeider med naudsynt vedlikehald av brua i Masfjorden kommune.

Arbeidet omfattar forsterkning av bergforankringa i aust-enden av Risnes bru. Arbeidet vil halde fram til hausten 2023.

Vestland fylkeskommune har no fått på plass stenge- og gjennomkøyringstider i lag med kommunen til beste for trafikantane og lokalbefolkninga. 

Vegen heilt stengt

Fylkesveg 570 over Risnes bru blir heilt stengt frå og med onsdag 25. oktober 2023 kl. 09:00, til og med fredag 15. desember 2023 kl. 16.00. Vi reknar med å vere ferdig med brua til jul 2023.

Omkøyring

Bruk fv. 57 for omkøyring.

Det er svært avgrensa kapasitet på fylkesvegen om Frøyseth og Byrkjeland (fv. 5438 og fv. 5436). Vegen toler ikkje for store køyretøy og har følgande maksimalkapasiteter:

  • Maksimalt 8 tonn aksellast og 40 tonn egenvekt.
  • Maksimal lengde på vogntog er 12,40 meter.
     
    Omkøyringsvegen vil ta 15 ekstra minutt på reisen din. Vi rår deg difor til å legge dette inn i planlegginga når du skal ut og køyre.  

Bru for mjuke trafikantar

For at gåande og syklande skal komme over Risnes bru i byggeperioden er det montert ei mellombels bru for mjuke trafikantar. Vi ber alle om å vere merksemd ved ferdsel på brua i anleggsperioden. 

Du finn stengetider på vegrafikksentralen 175.no,
Endring av rutetidar for buss kan du sjå her.

Kart som viser omkøyringsveg
Omkøyringsvegen i anleggsperioden blir om Frøyseth og Byrkjeland.