ENKELT: Ta med deg laptopen, kople deg til nettverket og du kan jobbe i det stiligaste bygget i by'n!

Leig kontorplass i Bergen for ein kortare periode

Leig kontorplass for ein dag, ei veke eller meir! I 1. og 2. etasje legg vi til rette for at du kan leige kontorplass for ein kortare periode. Det vil vere om lag 80 slike plassar, så det vil alltid vere ein stad å jobbe når du eller ein kollega er på besøk i Bergen, eller når du vil ha eit kontorfellesskap midt i byen.

I 2. etasje er det planlagt om lag 50 kontorplassar som du kan leige for ein dag eller to, ei veke, ein månad eller så lenge du vil. Perfekt for freelancearar, sjølvstendig næringsdrivande eller deg som av og til må reise for å jobbe i Bergen. Korttidsplass er også ideell for deg som jobbar i eit prosjekt saman med fylkeskommunen eller dei andre som held til i bygningen eller nabolaget.

Ta med deg laptop, og bli ein del av byens pulserande kontormiljø, tett på andre store arbeidsplassar, studiestader og kulturtilbod.