Utvikling av større samarbeidsprosjekt i fylket

Fylkeskommunen gir råd og støtte til utvikling av større samarbeidsprosjekt for forsking og innovasjon mellom forskingsorganisasjonar, privat og offentleg sektor.

Det er lyst ut støtte til innovasjon og næringsutvikling i fylket. Forsking for styrka innovasjonsevne og kompetanse er blant dei strategiske innsatsområda som ein kan søkje om støtte innanfor.  Døme på større initiativ forskingsorganisasjonar og andre aktørar i fylket kan søke om utvikling av er Sentre for forskingsdriven innovasjon i Forskingsrådet og klyngesatsinger i Klyngeprogammet til Innovasjon Noreg (Arena, NCE m.v).

Fylkeskommunen har også ei aktiv rolle i søknader til EU, som Horison 2020/Europa. 

Regionalt forskingsfond Vestland er ein eigen forskingsfinansieringsordning, der samarbeid med forsknigsorganisasjonar er sentralt.