VRI4 -mobilisering til FoU

Ved å mobilisere til meir forskingsbasert innovasjon, vil vi oppnå berekraftig verdiskaping i bedrifter og fleire arbeidsplassar i fylket. Det skal i neste omgang føre til auka folketal, som er det overordna politiske målet.

Mobilisering til forskingsbasert innovasjon i Sogn og Fjordane 2017–2020. VRI4-satsinga er forankra i Verdiskapingsplanen 2014–2025 og Regional planstrategi. Innsatsen er finansiert av Norges Forskingsråd. Ved å mobilisere til meir forskingsbasert innovasjon, vil vi oppnå berekraftig verdiskaping i bedrifter og fleire arbeidsplassar i fylket. Det skal i neste omgang føre til auka folketal, som er det overordna politiske målet.

Prioriterte tematiske satsingsområda:

  1. Bioøkonomien - Berekraftig vekst,  til dømes nye artar innan sjømat og landbruk, aquakultur og  sirkulærøkonomi
  2. Teknologiutvikling,  til dømes mellom ulike bransjar, grøne skiftet, energi, fornybar energi, teknologi og IKT
  3. Reiseliv, til dømes nye attraksjoner, berekraft, kortreist mat

Prioriteringane er politisk forankra i Verdiskapingsplanen til Sogn og Fjordane fylkeskommune. Dette er ein av to regionale planer for næringsutvikling i Vestland fylke. Dette er næringar og tema som er viktige for fylket, som har vore det historisk og som vi har spesielle føresetnader for å utvikle.

Kva er prioriterte næringar?

I VRI4 forstår vi «prioriterte næringar» som alle bedrifter som er med i ei verdikjede  innanfor prioriterte bransjar/næringar og tema.

Verdikjedebedriftene i VRI4-prioriterte næringar er typiske eigarar av produksjonar med problem som krev løysingar. Dei er tradisjonelt lite ivrige utviklarar av løysingar, som krev FoU, sjølv om gode unnatak finst. Det kan vere eit dilemma med VRI4-prioriteringane i høve mobilisering til FoU.

Av denne grunn er VRI4-målgruppa utvida til også å gjelde eksterne teknologileverandørar, som kan utvikle innovative løysingar for verdikjedebedriftene ved hjelp av FoU. FoU-potensialet hjå desse kan vere stort.

Ved å utvide målgruppa for VRI4 til også å gjelde teknologileverandørane, kan det derfor bli lettare å drive mobilisering til FoU i Sogn og Fjordane.