Nettverksmøte for bedrifter med forskingsbehov

Eit nettverksmøte samlar ei eller fleire bedrifter til diskusjon av ein aktuell problemstilling.  Nettverksmøtet kan vere initiert av ein eller fleire bedrifter eller vere basert på ein ide frå ein kompetansemeklar.  Formålet med nettverksmøtet er at deltakarane identifiserer felles FoU-utfordringar. Avhengig av kor utvikla problemstillinga er så møter bedriftene aktuelle FoU-miljø og andre aktuelle partar slik at ein kan drøfte problemstillingane som kan vere grunnlag for å definere forskingsprosjekt. Det er kompetansemeklaren som organiserer nettverksmøtet.

 Til nettverksmøte inviteres aktørar som har interesse av temaet og som kan tenkast å vere partner i eit potensielt prosjekt. TIl møtet inviteres også FoU-miljø med kunnskap om temaet og som kan vera deltakar i eit FoU-prosjekt.

Til møtet er det viktig å sikre tilstrekkelig deltaking frå ulike aktørar slik at ein kan få ein god gjennomføring. Det er viktig å vere tydelig på mål og kjøreplan.

I møtet kan det mellom anna arbeidd med koplingar både mellom bedrifter, mellom bedrifter og FoU-miljø, mellom bedrifter i ulike bransjar, og mellom aktørar som ikkje møtest til vanleg.

Kompetsnemeklaren eller anna utpeika ressursperson er ordstyrar og skal passe på at ein arbeider med å konkretisere problemstillinga. Kompetansemeklaren summerer opp og skal følge opp aksjonspunkt etter møtet. Det vil seie følge opp dei prosjektideane som blir identifisert. Kompetansemeklarane vil også ha informasjon om mulige finansieringsordningar.

Fylkeskommunen finansierer planlegging, gjennomføring og oppfølging av nettverksmøter. Vi minner om at det er kompetansemeklaren som søker på vegne av initiativtakaren. Nettverksmøte innafor dei tematiske satsingsområda blir prioriterte, desse er:

  1. Bioøkonomien - Berekraftig vekst,  til dømes nye artar innan sjømat og landbruk, aquakultur og  sirkulærøkonomi
  2. Teknologiutvikling,  til dømes mellom ulike bransjar, grøne skiftet, energi, fornybar energi, teknologi og IKT
  3. Reiseliv, til dømes nye attraksjoner, berekraft, kortreist mat

Bedrifter kan diskutere ideer til nettverksmøte med ein kompetansemeklaren eller fylkeskommunen.