Meir forsking i bedrift – MobiFORSK

Målet er at Vestland får fleire vekstkraftige bedrifter og fleire innovative næringsmiljø. Vestland fylkeskommune skal bidra til å mobilisere til forskingsbasert innovasjon i bedriftene.

MobiFORSK har to tematiske satsingsområde:

  • Berekraftig vekst innanfor bioøkonomien – berekraftig produksjon av sjømat og landbruksprodukt og anna utnytting av biologiske ressursar, som ny bruk av avfall, bioenergi, nye ingrediensar mv.
  • Teknologiutvikling gjennom bransjekryssande koplingar – å bidra til at eksisterande teknologi og kompetanse i regionen vert nytta på nye og smarte måtar og som sikrar ein berekraftig vekst i eksisterande og nye bransjar.

MobiFORSK er eit 4-årig prosjekt i perioden 2017–2020 og ei vidareføring av satsinga Virkemiddel for regional FoU og Innovasjon (VRI).

MobiFORSK er finansiert av Norges Forskningsråd sitt program FORREGION (Forskningsbasert innovasjon i regionane). FORREGION består av tre pilarar, der MobiFORSK er eit prosjekt i pilar 1 – Mobilisering til forskingsbasert innovasjon. Målsettinga er å fremme forskingsbasert innovasjon i næringsliv i hele landet.