Kompetansemekling

Ønsker di bedrift å komme igang med forsking? Står bedrifta framfor problemstillingar der du trur forsking kan bidra til utviklinga? Ta kontakt med ein kompetansemeklar som kan hjelpe deg finne ut av kva som er rett veg vidare.

Kompetansemekling er ei rådgjevingsteneste som hjelper bedrifter, eller grupper av bedrifter, med å identifisere og definere FoU-utfordringar i utviklingsprosjekt. Kompetanemeklaren hjelper med å finne fram til best eigna FoU-kompetanse.

Alle typer bedrifter kan ha potensiale for FoU, det vil seie utvikling av eit produkt eller teneste som inneber ei eller anna form for innovasjon eller kommersialisering med basis i forskingsbasert kunnskap. Alle bedrifter kan få hjelp av ein kompetansemkelar, men vi er mest aktive og proiriterer bedrifter innafor dei tematiske satsingsområda. Vidare vert bedrifter som har lita forskingserfaring eller bedrifter som i stor grad nyttar erfaringsbasert innovasjon, prioriterte.

Ta kontakt med ein kompetansemeklar for å få hjelp med å identifisere og konkretisere prosjektidear.

Tenesta kompetansemekling skal leggje til rette for å auke bruk forskingsbasert innovasjon i næringslivet i Vestland fylke. Det er ei målsetting om å bidra til ansvarlege innovasjonar, der utviklinga er basert på økonomisk-, miljømessig- og sosial berekraft.

Kompetansemeklarane arbeider innafor dei tematiske satsingsområda som er:

  1. Bioøkonomien - Berekraftig vekst,  til dømes nye artar innan sjømat og landbruk, aquakultur og  sirkulærøkonomi
  2. Teknologiutvikling,  til dømes mellom ulike bransjar, grøne skiftet, energi, fornybar energi, teknologi og IKT
  3. Reiseliv, til dømes nye attraksjoner, berekraft, kortreist mat

Kompetansemeklaren hjelper med å identifisere og konkretise prosjektidear, basert på utfordringar i bedrifta. Vidare kan kompetansemeklaren hjelpe til å få fram forskbare problemstillingar for prosjektet ved hjelp av prosjektkanvas og andre verktøy. Dei hjelper og med å identifisere potensielle FoU-miljø som kan bidra, og kan arrangere nettverksmøte eller prosjektverkstad for å utvikle prosjektideen.  Kompetansemeklaren har også oversikt over aktuelle finansieringskjelder.

Kompetansemeklaren skal ikkje skrive søknaden. Meklaren legg til rette for at tillit mellom bedrift og FoU-miljøet blir oppretta, og kan følgje opp vidare frå forprosjekt til meir varig innovasjonsarbeid og eit meir omfattande samarbeid mellom bedrift og FoU-miljø.