FoU-prosjekt VRI4

Tilskot til industriell forsking og eksperimentell utvikling. Løpande søknadsfrist.

Framgangsmåte og handsaming av søknader

  1. Ta kontakt med ein av kompetansemeklarane for vurdering av ordninga
  2. Ta kontakt med VRI4 prosjektleiaren for skjema for prosjektskildring
  3. Få hjelp av kompetansemeklaren til å skaffe forskar/FoU-miljø
  4. Start arbeidet med å lage ein prosjektplan
  5. Send planen til VRI4-prosjektleiar, som saman med arbeidsgruppa vil førehandsgodkjenne søknaden
  6. Opprett søknad på «mitt nettsted» hjå Forskingsrådet og send inn søknad saman med utfylt søknadsskjema på nettsida: FORREGION
  7. Fortlaupande endeleg handsaming av arbeidsgruppa og Forskingsrådet
  8. Dersom du får innvilga støtte, får du tilsendt eit tilsegnsbrev
  9. Start opp prosjektet
  • Frå 100 000 til 200 000 kr som bagatellmessig støtte
  • Støtta kan dekka inntil 50 prosent av prosjektkostnadane
  • Prioriterte næringar er energi, landbruk, sjømat og reiseliv
  • Bedrifter i verdikjedene og teknologileverandørar kan søkja.

 

Du kan få støtte til FoU-prosjekt av type industriell forsking eller eksperimentell utvikling. Det er lurt å ta FoU-startpakken fyrst.

imageu4xkh.png

VRI4 trinnvis modell for utvikling viser på ein enkel måte skilnaden mellom dei to prosjekttypane (figuren). Sentralt i modellen er TRL-skalaen (TRL = Technology Readiness Level).

Industriell forsking (TRL2-4) blir som regel utført av forskarar i laboratorium eller anna kontrollert miljø. Typisk er å utvikla og testa nye teknologikonsept og utprøving av teknologi prototypar. Kunnskapen skal takast med vidare i prosessen, om tilrådinga er å gå vidare.

Eksperimentell utvikling (TRL5-8) bygger typisk på kunnskap frå industriell forsking. Blir som regel utført under realistiske forhold. Vanleg ved utvikling av prototypar og pilotar for testing, optimalisering og demonstrasjon, og for å ferdigutvikla nye produkt, nye tenester eller nytt i produksjonsapparatet. Siste trinn er dokumentasjon og sertifisering (TRL8).

  1. Prosjekta skal vera innafor VRI4 sine prioriterte satsingar, som er fornybar energi, landbruk, reiseliv og sjømatnæringar, og som kan koma desse næringane til gode.
  2. Prosjektet skal vera forankra i ein eksisterande produksjon eller i ein ny produksjon som kan bli oppretta som ei følgje av innovasjonen.
  3. Søkjarane kan vera bedrifter i verdikjedene, eller teknologileverandørar til desse.
  4. Ved fleire partnarar vil søkjar og prosjektansvarleg, uansett ta i mot all støtte.
  5. Om nettverk søkjer, må ei bedrift ta på seg ansvaret med å vera prosjektansvarleg.
  6. Søknadsskjema skal vera fullstendig utfylt på ein tilfredsstillande måte.

Det er Forskingsrådet program FORREGION som skal gi sluttvurdera søknadane og gi støtte eller avslag. På denne nettsida FORREGION kan du finne informasjon om seleksjonskriterium og vurderingskriterium. Ta kontakt med VRI4 om du er usikker.