Opphald i forskingsorganisasjon
For bedrifter som ønsker å etablere relasjon til forskingsmiljø og komme i gang med forsking i bedrift kan støtte til eit hospiteringsopphold for ein person frå bedrifta i ein forskingsorganisasjon for ein kortare periode være ein god start. Forskingsorganisasjonar kan og få økonomisk støtte for å tilby ein kandidat frå næringslivet slike forskingsopphold. Bedrifter og forskingsorganisasjonar kan få hjelp til å etablere slike prosjekt.
For ein kandidat i næringslivet kan et forskingsopphold i ein forskingsinstitusjon danne grunnlag for vidare samarbeid om forskingsdrevet innovasjon. Kandidaten får moglegheit til å sette seg inn i og definere forskingsproblemstillingar som er relevant for bedrifta som sender ut kandidaten. Opphaldet kan også danne grunnlag for ein søknad om Nærings-phd (NFR-ordning) eller andre forskingsmidlar.
Det vil vere eit føremon om prosjekta er innan dei tematiske satsingsområda, desse er:
- Bioøkonomien - Berekraftig vekst, til dømes nye artar innan sjømat og landbruk, aquakultur og sirkulærøkonomi
- Teknologiutvikling, til dømes mellom ulike bransjar, grøne skiftet, energi, fornybar energi, teknologi og IKT
- Reiseliv, til dømes nye attraksjonar, berekraft, kortreist mat
Målet er at mobilitetsordning skal vere nyttig for dei involverte partane, slik at ein ynskjer å halde fram samarbeidet med eigne resursar og at ein klarar å løfte samarbeidet ut frå individnivå.
Kven er ordninga relevant for?
Aktuelle kandidatar for forskingsopphald er frå enkeltbedrifter. Vi prioriterer kandidatar frå:
- Små- og mellomstore bedrifter innan dei prioriterte områda og som har liten forskingserfaring eller som i stor grad nyttar erfaringsbasert innovasjon.
- Bedrifter som søker samarbeid med FoU med mål om å få fram nye prosjektidear og koplingar som kan føre til konkrete samarbeid om innovasjon og FoU-prosjekt.
Vi gjer merksam på at det er Høgskulen på Vestlandet som søker mobilitetsprosjekt på vegne av bedrifter og FoU-miljø. Ta kontakt for identifisering og konkretisering av tema for eit mobilitetsprosjekt. Sjølv om Høgskolen på Vestlandet står for planlegging og oppfølging av mobilitetsordninga, kan kandidatar ha opphald på ulike FoU-institusjonar i regionen.
Korleis kan vi hjelpe?
Kontaktpersonen kan hjelpe til med identifisering og konkretisering av tema for mobilitetsprosjektet, basert på konkrete utfordringar som initiativtakar fremjar. Vidare hjelper kontaktpersonen med kartlegg potensielle FoU-miljø som kan ta imot kandidaten og med utforming av søknaden.
Saksbehandlingstid: inntil 4 veker.