Forskar til låns

Bedrifter som ønsker å etablere relasjon til forskarmiljø og komme i gang med forsking i bedrift kan ordninga «Forskar til låns» være aktuell. I denne ordninga kan bedrifter få støtte til å leige inn ein forskar som kan arbeide med aktuelle problemstillingar i bedrifta. Målet med ordninga er å auke samarbeidet mellom bedrifter og FoU-miljø og etablere grunnlaget for vidare samarbeid om forskingsdrevet innovasjon.

«Forskar til låns» passer for små og mellomstore bedrifter som har bruk for auka forskarkompetanse internt i bedrifta i ein periode. Ordninga passar og for forskarar som ønsker å bli betre kjent med utfordringar i næringslivet og bidra i bedrifter sitt FoU-arbeid. Forskaren får moglegheit til å sette seg inn i og definere forskings problemstillingar som er relevant for bedrifta. Opphaldet kan også danne grunnlag for ein søknad om andre forskingsmidlar.

Det vil vere eit føremon om prosjekta er innan dei tematiske satsingsområda, desse er:

  1. Bioøkonomien - Berekraftig vekst, til dømes nye artar innan sjømat og landbruk, aquakultur og  sirkulærøkonomi
  2. Teknologiutvikling, til dømes mellom ulike bransjar, grøne skiftet, energi, fornybar energi, teknologi og IKT
  3. Reiseliv, til dømes nye attraksjonar, berekraft, kortreist mat

Målet er at mobilitetsordning skal vere nyttig for dei involverte partane, slik at ein ynskjer å halde fram samarbeidet med eigne resursar og at ein klarar å løfte samarbeidet ut frå individnivå.

Kven er ordninga relevant for?

Vi prioriterer:

  • Små- og mellomstore bedrifter innan dei prioriterte områda og som har liten forskingserfaring eller som i stor grad nyttar erfaringsbasert innovasjon.
  • Bedrifter som søker samarbeid med FoU med mål om å få fram nye prosjektidear og koplingar som kan føre til konkrete samarbeid om innovasjon og FoU-prosjekt.

Korleis kan vi hjelpe?

Kontaktpersonen kan hjelpe til med identifisering og konkretisering av tema for mobilitetsprosjektet, basert på konkrete utfordringar som initiativtakar fremjar. Vidare hjelper kontaktpersonen med utforming av søknaden og kartlegg potensielle FoU-miljø som kan bidra i mobiliteten.

Korleis søke

For å få eit «forskar til låns» prosjekt så har Norges forskingsråd ei eiga utlysing og rutine som må følgast.  LENKE TIL UTLYSING

Mal for prosjektbeskrivelse er tilgjengelig hjå kontaktpersonen, søknader som ikkje er drøfta med kompetansemeklar vert ikkje handsama.

Saksbehandlingstid inntil 4 veker.