Søk om støtte til forprosjekt

Inntil kr. 200 000 vert gitt i støtte til bedrifter med liten forskingserfaring som i samarbeid med eit forskingsmiljø skal førebu eit meir omfattande FoU-prosjekt. Søknaden må beskrive både planlagt arbeide i prosjektet og innovasjonen bedrifta ønskjer å utvikle ved hjelp av forsking.

Minimum 50 % av støttebeløpet skal nyttast til å betale FoU-partnarar for deira bidrag i prosjektet. Den offentlege støtta kan utgjere maksimum 80 prosent av totalbudsjettet til prosjektet. Resten av kostnadene skal vere eigeninnsats frå bedrifta si side i form av kontantar eller verdien av lønna timar utført i prosjektet.

Kva kan vi gi støtte til?

Prosjektet må vere knytt til eit av desse tema:

  • Bioøkonomien - Berekraftig vekst,  til dømes nye artar innan sjømat og landbruk, aquakultur og  sirkulærøkonomi.
  • Teknologiutvikling, til dømes mellom ulike bransjar, grøne skiftet, energi, fornybar energi, teknologi og IKT.

Vi kan gi støtte til tre typar aktivitet i prosjektet:

  • Forundersøking
  • Eksperimentell utvikling
  • Industriell forsking

Midlane vert tildelt etter ordninga Bagatellmessig støtte i satsstøtteregelverket. 

For definisjon av aktivitetane og ordninga med «bagatellmessig støtte», sjå her: https://www.forskningsradet.no/sok-om-finansiering/midler-fra-forskningsradet/betingelser-for-tildeling-av-statsstotte/

Kven kan søkje?

Bedrifter i Vestland fylke som ikkje tidlegare har fått offentleg finansiering til forskingsprosjekt kan søke om støtte.

Alle som søkjer denne ordninga må etablere kontakt med ein kompetansemeklar i Mobiforsk.  Sjå oversikt over kompetansemeklarar i Vestland her: https://www.vestlandfylke.no/forsking/kom-i-gang-med-forsking-i-bedrift/kompetansemklarar/

Kompetansemeklaren kan hjelpe med identifisering og konkretisering av tema for forprosjektet, basert på dei utfordringar som initiativtakar fremjar. Vidare kan kompetansemeklaren hjelpe til med å finne FoU-miljø som bedrifta kan samarbeide med. 

Kompetansemeklaren hjelper bedrifta med kvalitetssikring av søknaden før den vert sendt inn til Forskingsrådet for vidare handsaming.

Krav til søknaden

  • Prosjektet du søker støtte til, må vere eit samarbeid mellom bedrifta di og ein forskingsorganisasjon.
  • Målsettinga med prosjektet skal vere å legge grunnlag for eit større prosjekt. Det kan vere eit kvalifiseringsprosjekt i Regionalt forskingsfond, eller ulike typar FoU prosjekt nasjonal eller internasjonalt.
  • Informasjon om den planlagde innovasjonen må kome klart fram i prosjektsøknaden.
  • Søknadssummen må vere maksimalt kr. 200 000 og ikkje utgjere meir enn 80 prosent av totale prosjektkostnadar. Ved maksimal støtte må prosjektet ha ein storleik tilsvarande 250 000 kroner.
  • Det er krav om at inntil 50 % av støtta vert nytta til kjøp av tenester frå ein forskingsorganisasjon.
  • Midlane vert gjeve som bagatellmessig støtte
  • Maksimal timesats for eigeninnsats: 1,2 promille av nominell årslønn (maks. 1100 kr). Lønskostnader som eigeninnsats må vere ført i bedrifta sitt ordinære rekneskap.

Kompetansemeklaren vil kunne gi nærare informasjon om krava til søknaden, og hjelpe bedrifta i arbeidet med å etablere prosjektet i tråd med dei reglar som gjeld.

Ferdig søknad vert sendt sendes inn via Norges Forskingsråd.