Universell utforming

Gjennom universell utforming legg vi til rette for inkludering og deltaking for alle. Vestland fylkeskommunen arbeider målretta med universell utforming.

Universelt utforma bygg

Lurer du på om du eller dine kjem inn i bygget de skal besøkje?

Nettsida Bygg for alle finn du informasjon om tilgjenge i publikumsromma i dei fleste offentlege bygg (i Hordaland) som vi forvaltar. Dette er til dømes skular og tannklinikkar. Du kan sjå detaljar om dei einskilde lokala, og om moglege hindringar på vegen til besøksmålet. Du kan òg basere søket på ei valt gruppe av funksjonshemmingar.

Universell utforming av friuftsområde, idrettsanlegg og kulturminne

Vi skal sikre universell utforming av anlegg og område for fysisk aktivitet gjennom brei brukarmedverknad.

Plan for anleggspolitikk og kriterier for tildeling av spelemidlar
til anlegg for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv

Universell utforming av nettsida

Vestlandfylke.no følger krava til DIFI om universell utforming, og særlig med vekt på tastasturnavigering, responsiv design, fargar og kontrastar, overskrifter, lenker, bilete, skjema, søkefunksjon, sidetitler og kodevalisering.

Råd for menneske med nedsett funksjonsevne og Fylkeseldrerådet

I Vestland har vi eit råd for menneske med nedsett funksjonsevne, som skal ha ei rådgjevande rolle. Dei har rett til å uttale seg i saker om personar med funksjonsnedsetting.

Medverknadsorganet fylkeseldrerådet skal ha ei rådgjevande rolle i den fylkeskommunale verksemda og skal ha rett til å uttale seg i saker om eldre.