Kurs i Tankevirus

Er du elev i vgs. og grublar eller uroar du deg mykje? Ønsker du å bruke mindre tid på negative tankar? Då kan dette kurset vere noko for deg!

foto av brustein, der bokstavane er lagde oppå og stavar ordet tankevirus
Foto: Bergen kommune

Kva er Tankevirus?

Tankevirus er eit meistringskurs for dei som ønsker å bli meir merksame på eigne tankar. Kurset er sett saman av av ein populærvitenskapleg programserie i tre delar som presenterer negative tankar som ulike tankevirus som kan behandlast med psykologiske vitaminer.

Kven kan delta?

Kurset er digitalt med nettbaserte samlingar for deg som er i vidaregåande skulealder. Du kan delta anonymt og treng ikkje å ha på kamera. 

Når er kurset?

Kurset er gratis og har tre samlingar som er måndagene 21. november, 28. november og 5. desember kl. 18.00–19.30.

Kven står bak kurset?

Vestland fylkeskommune og Frisklivsentralen i Bergen arrangerer kurs i Tankevirus.