Nærmiljøprosjektet

Hordaland har saman med sju andre fylke og 41 kommunar i åra 2015–2018/19 delteke i det nasjonale Nærmiljøprosjektet.

Nærmiljøet er ein viktig arena i folkehelsearbeidet. Nærmiljøet – dei næraste omgivnadane – er noko av det som tel mest for at folk skal trivast og ha god helse. Nærmiljøet består av det fysiske miljøet og av sosiale og psykososiale forhold. Grøntområde, bustadområde, offentlege institusjonar og vegnettet er blant faktorar som utgjer det fysiske miljøet. Sosiale møteplassar, oppleving av tryggleik, tillit og identitet knytt til staden, er sentrale faktorar når det gjeld sosiale og psykososiale forhold.

Saman for betre nærmiljø

Hordaland fylkeskommune som prosjektansvarleg har samarbeidd med kommunane Askøy, Bømlo, Fjell og Stord i Nærmiljøprosjektet. Regional følge-med evaluering er gjennomført av Høgskulen på Vestlandet. Gjennom medverknad frå innbyggarane har kommunane prøvd å finne ut kva faktorar som påverkar trivsel og livskvalitet, og kva tiltak som kan bidra til å fremje folkehelsa. Hovudmålet har vore å medverke til gode nærmiljø og lokalsamfunn som fremjar folkehelse, og styrke arbeidet med den kommunale folkehelseoversikta.

Prosjektkommunane har utvikla gode døme - mellom anna om korleis breiare kunnskap frå folk kan gje betre kommunale planar. I den nasjonale evalueringa trekkjer Høgskulen i Volda fram at folkehelse må få ein meir sentral plass i strategi – og planarbeid og daglege avgjerder i kommunane.

Evalueringsrapportar frå Høgskulen på Vestlandet og Høgskulen i Volda gjev både retning for vidare arbeid og gode døme. Rapportane vil vere nyttige i kommunalt utviklingsarbeid innanfor ulike sektorar. Interesserte kan kontakte fylkeskommunen og kommunane for meir informasjon.

Oppsummeringsrapport frå nærmiljøprosjektet finn du inne på https://www.godelokalsamfunn.com/

"ABCD på 1-2-3" - Ei oppskrift for eit betre lokalsamfunn

«Asset Based Community Developement» (ABCD), er ein metode der ein skal finne ut kva ressursar, ferdigheiter og kapasitet som finst hjå innbyggarane, frivillige organisasjonar og lokale institusjonar i lokalsamfunnet. Målet er å skape engasjement hjå ulike aktørar for å jobbe mot felles mål.

Høgskulen på Vestlandet har utgitt eit oppskriftshefte på denne metodikken. Heftet blei utarbeidd med støtte frå Vestland Fylkeskommune.

Last ned heftet her:
ABCD på 1-2-3. Oppskriftshefte for eit stadig betre lokalsamfunn

Asset-Based Community Development - how to get started

Askøy: Medverknad for mobbefritt oppvekstmiljø – nærmiljø som fremmer folkehelse
 
Mål:

  • utvikle kompetanse om medverknadsmetodar for barn og unge
  • få kvalitativ kunnskap om barn og unge sine opplevingar av  oppvekstmiljøet sitt
  • bringe stemmene til barn og unge inn i beslutningsprosesser og val av tiltak
  • kunnskap om medverknadsmetodar som legg til rette for aktiv samfunnsutvikling

Målgrupper: ungdom, barn og vaksne 
  
Kontaktinformasjon: Lisbeth.Marie.Aasebo@askoy.kommune

Bømlo: Helsefremjande nærmiljø Bømlo kommune

Mål: Bømlo kommune, med ein desentralisert busetnad, skal ha nærmiljø og lokalsamfunn som bidreg til å fremme folkehelse der folk bur.

Delmål:

  • Auke kunnskapen om korleis nærmiljøet påverkar folkehelsa i små lokalsamfunn, og om ulike nærmiljø i same kommune gir ulik påverknad på helsa. Identifisere positive og negative faktorar i dei ulike lokalsamfunna
  • Teste ut kombinasjon av ulike metodar for kartlegging av folkehelse og nærmiljø
  • Utvikle eigna metodar for samarbeid mellom kommune og nærmiljø, gjennom å utvikle grendalaga som paraplyorganisasjon og talerøyr for frivillige organisasjonar og befolkninga i lokalsamfunnet, og som mellomledd mellom lokalsamfunnet og kommunal administrativ og politisk leiing.
  • I samarbeid med nærmiljø og grendalag legge grunnlag for konkrete tiltak som kan utvikle nærmiljøet i helsefremjande retning. Mobilisering og eigarskap er viktige faktorar.

Målgrupper: Unge og eldre i desse lokalsamfunna. 5.–10. klassetrinn i grunnskulen og personar i aldersgruppa 67–79 år, jamfør delmål to. Ettersom prosjektet har utvikla seg, har det omfatta innbyggjarane i grendene på tvers av alder.
  
Kontaktinformasjon: anne-beth.njaerheim@bomlo.kommune.no

Fjell: Kartlegging av skulevegar og snarvegar i Fjell kommune.

Mål:

  • Kartleggja opplevinga skuleelevar og resten av befolkninga har når dei beveger seg til fots eller på sykkel
  • Mobilisera innbyggjarane til å kartleggja både eksisterande snarvegar og
  • Finne stadar der nye snarvegar vil gjere det trygt og meir attraktivt å gå og sykle
  • Teste ut verktøy for medverknad som kommunen kan bruke i andre prosessar

Målgruppe: Primært barn og unge, men nye og meir trygge vegar vil i stor grad påverke resten av befolkninga i nærmiljøet
  
Kontaktinformasjon: jeanett.nesse@fjell.kommune.no

Stord: Brei innbyggjarmedverknad i kommunal planlegging.

Mål: Breiare og sterkare involvering av innbyggjarane i kommunen sitt plan- og utviklingsarbeid.

Målgrupper: Innbyggarane generelt, med særskilt merksemd på «dei svake stemmene» – grupper som er lite involverte i planprosessar, til dømes barn og unge, innvandrarar, personar utanfor arbeidslivet og eldre.
  
Kontaktinformasjon: tove.agdestein@stord.kommune.no

Grastveit, H.V. (2017). Barns medvirkning ved bruk av metodetypologien «fotostemme» – slik det fortoner seg fra barns perspektiv. Hvordan opplever elever medvirkning gjennom bruk av fotostemme? Masteroppgåve, master i Helsefremmende arbeid og helsepsykologi. Universitetet i Bergen.

Holmstrøm, E. F. (2018). Hvordan har prosjektet Nærmiljø og lokalsamfunn for folkehelsa bidratt til mobilisering og medvirkning av lokalbefolkningen? Masteroppgåve, Master i samfunnsarbeid, Høgskulen på Vestlandet.
 
Johnsen, S. (2016). Hvordan påvirker opplevelse av boligstandard sosial deltakelse i nærmiljøet? Masteroppgåve, Master i samfunnsarbeid, Høgskulen på Vestlandet.
 
Lavan, T. (2018). Hvordan forstår skolen sitt folkehelseoppdrag, og hvilket tiltak har skolen for å fremme helse i lokal samfunnet? Masteroppgåve, Master i samfunnsarbeid, Høgskulen på Vestlandet.
 
Langeland, I.M.S. (2017). Hvilke prosesser bruker ungdommen når de skal bruke ABCD-tilnærmingen i sitt forsøk på å etablere en inkluderende møteplass i sitt nærmiljø? Masteroppgåve, Master i samfunnsarbeid, Høgskulen på Vestlandet.
 
Meidell, V. (2017) Medvirkning i kommunalt folkehelsearbeid. Masteroppgåve, Master i samfunnsarbeid, Høgskulen på Vestlandet.
 
Mikkelsen, H. E. (2018). Hvordan fungerer samarbeidsmøtene som et sted for samhandling og medvirkning, og hvilke ringvirkninger kan dette samarbeidet ha for lokalsamfunnet? Masteroppgåve, Master i samfunnsarbeid, Høgskulen på Vestlandet.
 
Rydningen, L. & Vistnes, K. (2018). Mulighetsstudie Mosterhamn A prospect of Mosterhamn´s future developement. Masteroppgåve, master i areal og eigedom, Høgskulen på Vestlandet.

Askøy, Bømlo, Fjell og Stord har prøvd ut mange ulike medverknadsmetodar. Kunnskap om desse metodane og erfaringane kan vere til nytte for andre kommunar som vil arbeide med innbyggjarinvolvering i planprosessar.

Under viser tabellen ei liste over verkty/metodar kommunane har nytta.

Askøy Bømlo Fjell Stord

- Refleksjonsfilm om medverknad

- Prosess (IGP)

- Padlet og storskjerm

- Fotostemme (foto/teikningar)

- Elevdag

- Utstilling

- Styrkebasert tillnærming ABCD (mobilisering lokalmiljø)

- Samarbeidsmøte

- Prosessarbeid

- Kartlegging av aktivitetstilbod

- Ut av huset kartlegging/sosiokulturell analyse

- Kartdigitalisering

- Spørjeundersøking med opne svarkategoriar

- Styrkebasert tilnærming ABCD

- Ruslemaking, utvikla i Bømlo

- Trafikkagenten

- Arbeidsverkstader med velforening, næringsliv og andre som supplement til trafikkagenten

- Film frå elevar

- Prosjektarbeidsskule

- Mental mapping (Kevin Lynch)

- Kartdigitalisering

- Kafedialog

- Prosjektarbeid og gruppearbeid i skulen (film/foto, teikning, veggavis, modellar, tablå, pp-presentasjonar og munnlege framlegg)

- Kreative metodar som teikning og foto

- Observasjon, barneintervju og gruppesamtalar

- Semistrukturert intervju/gruppesamtale mellom anna med stand på nærbutikk, verna arbeidsplass, i naturen

- internett

- Styrkebasert tilnærming ABCD - idedugnad

- ABCD ungdomsgruppe