Lokal mobilisering mot doping

Arbeidet mot doping er ei viktig samfunnsoppgåve. Vestland fylkeskommune arbeider med dette i satsinga "lokal mobilisering mot doping".

Vestland fylkeskommune og stiftinga Antidoping Norge (ADNO) samarbeider for å mobilsere unge mot doping. Prosjektet rettar seg først og fremst mot elevar og lærlingar i vidaregåande opplæring og mot lærarar og andre tilsette ved skulane. Det er også eit mål å inkludere førebyggjande mobilisering mot doping i kommunar i fylket.

Dopingbruk er eit samfunnsproblem. Gjennom gjensidig forpliktande samarbeid mellom fylkeskommunen og ADNO, skal det drivast eit heilskapleg antidopingarbeid i fylkeskommunen. Det inkluderer planarbeid, tverrfagleg samarbeid, førebyggjande tiltak retta mot unge og kompetanseheving/opplæring av fagpersonar.

Hovudmålet er å gje unge menneske tilstrekkeleg kunnskap og informasjon til å avstå frå dopingbruk. Vidare at desse unge spreier haldninga om nulltoleranse til dopingbruk i lokalmiljøa sine innan idrett og i samfunnet elles. 

Styringsgruppe for lokal mobilisering mot doping

  • Fredrik Lauritzen – avdelingsleiar Antidoping Norge
  • Knut Songve – organisasjonssjef for Vestland idrettskrets

Frå Vestland fylkeskommune

  • Britt Karen Spjeld – seksjonssjef avdeling for kultur, idrett og inkludering
  • Hanne Espe – avdeling for kultur, idrett og inkludering
  • Tor Helge Vikøren Myhre – fylkeskoordinator i Antidoping Norge/fylkeskommunen
  • Anne Mette Nesje Porten – stabsavdeling for strategisk utvikling og digitalisering

Les meir om satsinga frå antidpoing Norge:https://www.antidoping.no/forebygging/lokal-mobilisering