Søk tilskot på kommunale frisklivs-, lærings- og meistringstilbod 2020

Kommunar kan no søke tilskot til etablering og/eller utvikling av frisklivs-, lærings- eller meistringstilbod.

Vestland fylkeskommune har fått tildelt kr. 1 750 000 til fordeling av etablering og/eller utvikling av frisklivs-, lærings- eller meistringstilbod. Tilskotsordninga skal bidra kommunane til å fremje helse og livskvalitet, førebyggje sjukdom, tidleg intervensjon, og til at målgruppene lærer å meistre livet med sjukdom.

Frisklivssentralen skal gjennom samhandling med andre aktørar sørge for førebyggjande tenester av god kvalitet, og vere ein samarbeidspartnar i kommunen sitt folkehelsearbeid.

Les meir om Frisklivssentralane si rolle i Helsedirektoratet sin rettleiar.

Søknadsfrist:

27.03.2020

Kven kan søkje:

Kommunar i Vestland fylkeskommune

Krav til søknaden

For kommunar som søkjer om skal søknad underteiknast av rådmannen eller den som har delegert mynde. For allereie etablerte frisklivssentralar skal søknad underteiknast av styreleiar eller den som har delegert mynde. 

Korleis søkje:

Alle søkjarar skal søkje elektronisk gjennom tenesta regionalforvaltning.no. Følg link til søkjarportal. Logg inn på regionalforvaltning og søk etter ordninga «Tilskot til etablering og utvikling av kommunale frisklivs-, lærings og meistringstilbod» under Vestland fylkeskommune.

Vilkår for tildeling av midlar

Sjå vilkår for tildeling og Regelverk for ordninga på Helsedirektoratet sine sider

Rapportering for 2019

Rapportering på bruk av tildelte midlar for 2019 skal leverast til Fylkesmannen på fmvlpost@fylkesmannen.no innan 1. april 2020. Meir informasjon finn du på Fylkesmannen i Vestland si nettside