Aktiv saman

Aktiv saman er eit samarbeid mellom fleire frivillige organisasjonar, kommunar og fylkeskommunen og del av regional satsing på integrering gjennom idrett og friluftsliv.

Hovudmålet med Aktiv Saman er å få fleire fleirkulturelle barn og unge meir aktive kvar dag, med særskilt merksemd på dei som er lite fysisk aktive og/eller fysisk inaktive. Gjennom dette samarbeidet har vi etablert møteplassar og nettverk der ein jobbar på tvers mellom idrett, friluftsliv og det offentlige. Det er stor breidde i satsinga og stadig fleire aktørar vert involverte. 
 
Eit populært tiltak gjennom dette samarbeidet er vinteraktivitetsdagen på Kvamskogen. Om lag 200 deltakarar og 30 bidragsytarar er med på desse aktivitetane kvart år. 

Samarbeidspartar

  • Idrettskretsen
  • Bergen og Hordaland Turlag
  • Samnanger kommune
  • Øygarden kommune
  • Bergen kommune
  • Askøy kommune
  • Vestland fylkeskommune