Folkehelseforum Vestland

Fylkeskommunen har ansvar for å vere pådrivar for og samordne folkehelsearbeidet i fylket. Folkehelseforum Vestland er etablert som ein samarbeidsstruktur i fylkeskommunen.

Folkehelseforum har etter program for folkehelsearbeid hatt ein rådgjevande funksjon i val av kommunar og tiltak i folkehelseprogrammet, både i Hordaland og i Sogn og Fjordane.

Hausten 2020 vert Folkehelseforum Vestland konstituert. Fylkeskommunen har leiarrolle og sekretariatsfunksjon i forumet. Føremal med samarbeidet er å styrke strategisk og heilskapleg satsing på folkehelse i Vestland, og styrke avtalebasert samarbeid og samordning - mellom fylkeskommunen, kommunane, FoU-miljø og andre relevante samarbeidspartar.

Les meir om mandat, føremål og samansetjing av folkehelseforum Vestland her.