Nettverket Program for folkehelsearbeid i Vestland

I 2018 samarbeidde KS med Hordaland fylkeskommune og med Sogn og Fjordane om å opprette «regionalt læringsnettverk for program for folkehelsearbeid».

Nettverket er ei satsing i regi av program for folkehelsearbeid i kommunane, og omfattar arbeid som bidreg til å integrere psykisk helse for barn og unge som ein likeverdig del av det lokale folkehelsearbeidet. Tema og innretting på samlingane varierer frå gong til gong.

Målgrupper for samlingane er kommunalt tilsette som jobbar med plan, analyse, oppvekst, kultur, opplæring/utdanning og folkehelse. Samlingane vil også vere nyttige for ulike aktørar som understøttar eller samarbeider med kommunane om god psykisk helse for barn og unge.

Les meir om læringsnettverk folkehelse frå KS her:
Rapport Læringsnettverk folkehelse 2017-2019