Folkehelseundersøkinga i Vestland 2022
Vestland fylkeskommune gjennomførte saman med Folkehelseinstituttet våren 2022 Folkehelseundersøkinga i Vestland.
Last ned rapport frå Folkehelseundersøkinga i Vestland 2022 på folkehelseinstituttet sine nettsider.
Tillegg til Folkehelseundersøkinga i Vestland 2022: Tabellar for kommunar og bydelar (pdf).
Dette er folkehelseundersøkinga
Folkehelseundersøkinga i Vestland er eit samarbeid mellom Folkehelseinstituttet og Vestland fylkeskommune. Undersøkinga fortel korleis det står til med helsa, trivsel og livskvalitet blandt innbyggjarane i Vestland.
Kva spør vi om?
Spørsmåla i undersøkinga handla om ulike forhold som har betydning for folkehelsa:
- nærmiljøet og kommunen
- helse og helserelaterte levevanar
- sosial støtte og livskvalitet
- skadar og fysisk miljø
- transportvanar
- demografiske opplysningar
Vi tek vare på personvernet ditt
Svara frå undersøkinga blir oppbevart og behandla etter gjeldande reglar om personvern. Det vil ikkje vere mogleg å kjenne att enkeltpersonar i statistikk.
Spørsmål og svar
Kva er føremålet med undersøkinga?
Folkehelseundersøkinga gir ny og unik lokal kunnskap om korleis innbyggarane sjølve opplever sin eigen livskvalitet, trivsel og helse. Dette er viktig kunnskap for fylkeskommunen og kommunane når vi skal planlegge og utvikle gode lokalsamfunn og meir relevante tenester og tiltak for befolkninga.
Kunnskap og statistikk for undersøkinga vil delast med politikarar og tilsette i kommunar, fylkeskommunen og forskarar. Frivillige organisasjonar, lag og foreiningar vil også kunne ha nytte av resultata.
Fylkeskommunen har også ansvaret for å halde oversikt over helsetilstanden og påverknadsfaktorar i fylket etter Folkehelseloven §21 og forskrift om oversikt over folkehelsa. Folkehelseundersøkingar som dette er eit verktøy til å halde oversikt.
Det er frivillig å delta, men vi oppmodar alle som blir invitert til å svare på undersøkinga.
Korleis var deltakarane valt ut?
Deltakarane var trekte tilfeldig frå Folkeregisteret.
Kvifor er undersøkinga berre for vaksne (dei over 18 år)?
Vi har allereie eit godt kunnskapsgrunnlag for barn og unge gjennom undersøkinga Ungdata. Ungdata er ei barne- og ungdomsundersøking der skuleelevar svarar på spørsmål om korleis dei har det, og kva dei driv med på fritida. Ungdataundersøkinga blir gjennomført kvart tredje til fjerde år. Ungdata blei gjennomført i Vestland våren 2021.
I tillegg vil Vestland fylkeskommune i samarbeid med Bergen kommune sende ut eit spørjeskjema til alle barnefamiliar i fylket i løpet av mai.
Korleis blir mine opplysningar behandla?
Opplysningar som deltakarane gir blir behandla i samsvar med gjeldande reglar om personvern (sjå lenke under). Dette gjeld alle som får tilgang til dei innsamla opplysningane. Det er strengt regulert kven som får tilgang til opplysningane og kva opplysningar det gis tilgang til.
Alle opplysningar blir behandla utan namn og fødselsnummer eller andre direkte gjenkjennande opplysningar.
Resultata blir publisert på gruppenivå og aldri på individnivå. Det vil ikkje vere mogleg å kjenne igjen enkeltpersonar som har svar på undersøkinga i statistikk eller forsking. Bustadkommunen vil kunne få anonyme datafiler frå undersøkinga for vidare analysar etter innvilga søknad til Folkehelseinstituttet.
Fylkeskommunen vil få anonyme datafiler for vidare analysar. Direkte gjenkjennande opplysningar vil vere fjerna (namn, fødselsnummer, adresse).
Det kan vere aktuelt for Folkehelseinstituttet og fylkeskommunen å hente inn opplysningar frå andre kjelder og samanstille med mottatte svar. Dette er til dømes opplysningar om hushald, landbakgrunn, sysselsetting, inntekt, helse og geografisk område på lågare nivå (grunnkretsar). Slike data vil då bli henta frå register i Statistisk sentralbyrå (SSB). Formålet kan vere både kvalitetskontroll og framstilling av gode analysar/vidare forsking.
Les meir om korleis personopplysningar vert behandla på FHI sine nettsider: Personvern og helsedata - FHI
Kva gjer eg om eg har svart på undersøkinga, men ønskjer å trekke mitt svar?
Dersom du ombestemmer deg etter å ha svart på undersøkinga kan du svare på e-posten du fekk med invitasjon til å delta i undersøkinga, og skrive at du ønskjer å trekke ditt svar.
Du kan også ta kontakt med personvernombodet ved FHI.
Her finn du meir informasjon om innsyn i, retting og sletting av helseopplysningar.
Folkehelseundersøking eller fylkeshelseundersøking?
Dette er to namn på den same undersøkinga. I folkehelselova og den tilhøyrande forskrifta står det om fylkeshelseundersøkingar. På FHI sine nettsider omtalast både folkehelseundersøkingar og fylkeshelseundersøkingar.
I Vestland har vi valt å bruke namnet folkehelseundersøking. Dette har vi gjort for å tydeleggjere at undersøkinga handlar om folkehelse - både helse, trivsel, sosiale forhald og livskvalitet er viktige deler av denne undersøkinga.