Arbeid på bruer mellom Værlandet og Bulandet
I samband med vedlikehald av tre bruer vert vegen stengd i 15 minutt, utanom ferjeavgangane. Nokre veker vert vegen stengd i fleire timar.
Bruene det gjeld er Langøysundbrua, Brattholmsundbrua og Åsgarden.

Det var planlagt med lange stengingar i veke 21, frå måndag 22. mai, men dette vart utsett grunna vind og vêr. Dei neste tre vekene blir det kun kortare stengingar, før langstengingane startar opp att i veke 25 og 26.
Bruene skal overflatebehandlast for å hindre rust på stålkonstruksjonen. Når arbeidet er ferdig er vanskeleg å seie eksakt.
– Dette arbeidet er veldig vêravhengig, og vil nok halde fram utover sommaren, seier Kenneth Endestad Tennefoss, byggeleiar i Vestland fylkeskommune.
Stengetider i veke 25 og 26:
- kl. 08.35 – 10.15
- kl. 11.00 – 12.25
- kl. 13.10 – 16.10 (opning for buss kl.14.30, 14.55, 15.30 og 16.00)
- kl. 16.50 – 19.20
Vegen kan opnast for utrykkingskøyretøy.
Publisert 16. mai kl. 14.26