Arkiv og dokumentasjon

Fylkesarkivet tek vare på og gjer tilgjengeleg offentlege og private kjeldemateriale frå Vestland fylke. Det er lagt rette for at publikum skal kunne bruke materialet vi tar vare på i ulike samanhengar. Det kan vere som grunnlag for historisk forsking og formidling, dokumentasjon av rettar eller til bruk i samfunnsforvaltning. Vestland fylkeskommune driftar kommunearkivordninga og tilbyr utviklings- og rådgjevingstenester for medlemskommunane. Postlista blir drifta av dokumentsenteret i fylkeskommuen. Her kan du be om innsyn i innkomne, utsende og interne saksdokument.