Anleggsstart på gang- og sykkelveg i Florø

Bygginga av ny gang- og sykkelveg langs Brandsøyvegen startar i desse dagar, med tilrigging av anleggsutstyr og rydding av vegetasjon langs vegen. Frå neste veke kan det bli stengingar på inntil 30 minutt.

Vestland fylkeskommune signerte før jul kontrakt med Førdefirmaet Entreprenørservice AS på bygging av 1,5 kilometer gang- og sykkelveg langs fv. 5704 Brandsøyvegen i Florø.

Håpar på opning for folkemøte

Ved oppstart av alle større vegprosjekt ynskjer fylkeskommunen å treffe dei som bur ved anlegget, for å informere om prosjektet og få innspel som kan vere viktige i anleggsfasen.

– Vi vil veldig gjerne invitere innbyggjarane langs Brandøyvegen til eit informasjonmøte så snart som mogleg, men vi må avvente oppdateringa på nasjonale råd og og reglar som kjem i slutten av neste veke, seier prosjektleiar Bjørn Andre Storøy.

Om tiltaka vert vidareførte som i dag, blir det vanskeleg å samlast fysisk, og ei digital møteløysing bli alternativet.

Publisert 7. januar 2022