Lærarstreiken er over

Regjeringa har fremma forslag om tvungen lønsnemnd, og streiken i skulane er med det over. Elevane ved dei vidaregåande skulane som har vore i streik, kan møte på skulen til vanleg tid onsdag 28. september.

Det er sendt ut sms til elevar og lærarar om at dei møter på skulen onsdag.

Oversikt over alle dei vidaregåande skulane i Vestland.